Med Hauge og Vesaas til festspela

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For nokre år sidan gjorde Gunnhild Sundli furore med folkrockbandet Gåte. No står ho på eigne bein og kjem til Dei nynorske festspela med eigen musikk til tekstar av mellom andre Olav H. Hauge, Jakob Sande og Halldis Moren Vesaas. Repertoaret er utvikla i nært samarbeid med felespelaren Andreas Ljones, kjend frå Frikar og Majorstuen, heiter det i ei pressemelding frå Aasentunet.

Etter at eventyret med Gåte blei sett på pause, har Gunnhild Sundli arbeidd som skodespelar, mellom anna ved Trøndelag Teater. Ved sida av teaterkarrieren har ho arbeidd med nye musikalske prosjekt, i samarbeid med nye musikalske partnarar.

Musikken ber framleis preg av Sundli sin musikalske bakgrunn innan folkemusikk, men no i ei mjukare og meir akustisk form enn i Gåte. Store delar av musikken er nyskriven, og saman med musikarane går ho ikkje av vegen for å leike med forma.

Når ho kjem til utescena i Aasen-tunet og Dei nynorske festspela 25. juni, har ho med seg Andreas Ljones på feler og elektronikk, Rune Tylden på keyboard, Endre Hareide på bass og Kenneth Ekornes på trommer og perkusjon.

60 festspelpass
Arrangøren for Dei nynorske festspela har lagt ut eit avgrensa tal med festspelpass for sal. Heile festspelprogrammet blir lansert i april, men det er likevel langt i frå nokon risikosport å sikre seg festspelpass alt no. – I løpet av fire opplevingsrike dagar blir det meir enn 40 arrangement. Med festspelpasset i handa kjem du fritt inn på både konsertar, forfattarsamtalar, debattar, foredrag og mange andre spennande programpostar, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Moldestad og Sortland
Frå før er det kjent at Sigrid Moldestad kjem til Festspela, og at forfattaren Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspeldiktar. Sortland er den attande forfattaren som får denne æra. Sortland har gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne.

Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.