Flått vanlegaste smittekjelde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bit seg fast i halsen og hovudet til born

Barnelege Dag Tveitnes frå Jørpeland har funne meir ut om korleis flåtten kan verka på barn. Tveitnes har i over eitt år hatt permisjon frå jobben sin på Universitetssjukehuset i Stavanger for å jobba med ein doktorgrad om flått.

Temaet for doktorgraden til Dag Tveitnes er nevroborreliose hjå barn. Nevroborreliose er tilstanden ein kan få dersom flått smitta med borreliosebakterie bit menneske og bakterien angrip nervesystemet. Det er fyrste gong det er blitt gjort studiar på barn i forhold til nevroborreliose i Norge.

Etter at hans eiga dotter fekk lammelsar som lita, auka interessa for finn ut meir om diagnosen borreliose. Borreliosen kan gje ulike reaksjonar. Dei fyrste vekene etter flåttbittet spreiar borreliabakterien seg i huda. Dersom ein får veksande utslett over fem centimeter tyder dette på infeksjon.

Tveitnes har studert korleis denne tilstanden har ramma barna i Sør-Rogaland dei siste femten åra. Han har funne ut at barna oftare enn vaksne får hjernehinnebetennelse og lammelsar i ansiktet ved slik sjukdom. Og spesielt er det barn mellom fire og åtte år som blir lagt inn på barneavdelinga.

LES OGSÅ: Trong for 1000 nye helsesystrer

Eit barn per årskull får nevroborreliose i dette området kvart år. Dette er høge tal i europeisk samanheng, men i forhold til alle flåttbitta me får og kor godt antibiotikabehandlinga verkar så ønskjer han ikkje at dette skal skremma oss frå aktivitet i skog og mark.

– Dei fleste som blir smitta blir faktisk friske av seg sjølve, legg han til.

Nesten alle barn som får nevroborreliose får hjernehinnebetennelse, det er noko av funnet hjå Tveitnes som ikkje har kome fram tidlegare.

– Faktisk er det slik at flåttbitt er hyppigaste årsaka til hjernehinnebetennelse i vårt område, fortel han.

– Så det er nokså ny kunnskap det at hjernehinnebetennelse ofte kjem frå flåtten?

– Det er fyrste gong det er påvist at flåttbit kan er årsaka til hjernehinnebetennelse i dei fleste tilfella av hjernehinnebetennelse i eit område. Men dette er ein mild form for hjernehinnebetennelse som ein blir frisk av, forklarer han.

– Kva behandling kan barnet få ved hjernehinnebetennelse?

– Antibiotika tar knekken på borreliabakterien og hjernehinnebetennelsen her, seier Tveitnes.

Fleire barn enn vaksne får flått. Det trur Tveitnes har å gjera med at barn er små og på den måten er nærare gras og vekstar. Flåtten kryp då over på barna.

– Ungar blir bitne i hovudet og halsen. Det trur eg har å gjera med at barna som er små er nede i graset og lyngen, at det er så enkelt som det, seier Tveitnes.

– Det er svært viktig å gjera det til rutine og sjekka barna kvar kveld for flått etter at dei har vore ute på den tida av året flåtten er framme. Dei må sjekkast i håret, hårbotn og rundt øyrene, seier han.

LES SAKA I STRANDBUEN!