No skal bygdedyret få pensjonere seg, i alle fall i Hjelmås.

LNK.no
LNK.no

Viss humørbonde Geir Styve får det som han vil, opnar landets truleg første innhegning for bygdedyr i mai.

– Eg har søkt kommunen om å få bygge eit reservat kor bygdedyret kan trekkje seg tilbake, fortel Styve. Bakgrunnen er at heimbygda hans, Hjelmås, har etablert seg som 5915 Humørbygda. Og med humørbygd, humørturløyper og humørfestival i bygda, kor blir det då plass til bygdedyret, funderer Styve.

Han har no søkt Lindås kommune om å få bruke 50m2 jord til dette reservatet, og saka er kome inn i kommuneplanen som er på høyring i desse dagar. Så stor har den kommunale velviljen vore at Styve har fått tildelt dobbelt så mykje jord som han bad om. Det har vore ei grundig konsekvensutgreiing undervegs, og på plankartet blir no reservatet merka som kulturminne.

– Vi håper at reservatet skal bli eit minne om bygdedyret som ein gong fanst, seier Styve.

Han er overtydd om at bygdedyret framleis lever blant oss, meir enn 50 år etter at diktaren Tor Jonsson gav Janteloven ei kledning i form av eit "bygdedyr".  Poenget med reservatet blir å gjere folk bevisste på bygdedyrets vesen og gjerne ta avstand frå både det og Janteloven.

– Vi skal ha sutrebenk, protestmateriell og ein miniatyrsytebane, fortel Styve om planane framover.  – Ferdige plakatar som folk kan ta til viss dei vil, kor det kanskje står "Pøh", "Det går aldri" eller kanskje "Ordføraren er dum". Kanskje greier vi å finne oss eit naturtalent av ein sytebas til sytebanen.

LES SAKA PÅ LNK.NO!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE