Slik skal fleire unge lokkast

Finn Tokvam stiller opp i reklamefilm for Sogn og Fjordane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein film skal lokka folk til Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen ser ei slik satsing som ein god måte å leggja til rette for at yngre menneske vil satsa på ei framtid i fylket.

– Det er viktig at me får marknadsført fylket vårt på ein god måtte gjennom både fylkesfilmen, traineeordinga og karrieremessene, seier Kjartan Longva, leiar i hovudutval frå plan og næring.

Vårkåte lam
"Unge folk er søte, med si grenselause tru på framtida. Som vårkåte lam, hoppar dei rundt og trur at alt skal bli så flott og fantastisk."

Slik opnar humoristen Finn Tokvam frå Flåm filmen som har som mål å vise fram kva moglegheiter som finst i Sogn og Fjordane, både når det gjeld arbeidstid og fritid.

Fylket i omstilling
– Næringslivet i heile fylket er i omstilling. Nokre tenkjer framleis på fiske når dei høyrer Måløy, men berre tenk på teknologimiljøet som har vakse fram der siste åra. Dei nye næringane krev folk med anna kompetanse, og ein slik film kan vere viktig for å lokke folk til fylket, seier Kjartan Longva.

Hovudutvalet løyvde i fjor haust 300.000 kroner til Framtidsfylket-filmen, som ynskjer å rekruttera relevant kompetanse til fylket ved å visa fram eit tverrsnitt av ulike arbeids- og kompetansemiljø.

Fylkeskommunen ser ei slik satsing som ein god måte å leggja til rette for at yngre menneske vil satsa på ei framtid i fylket, heiter det i ei pressemelding.

Høgt utdanna
Næringsdirektør Jan Heggheim, meiner at fylkeskommunen har som viktigaste oppgåve å leggje til rette for positiv regional utvikling der folk kan bu og arbeida.

– Kunnskapsbaserte næringar vil utvikla seg mest også i vårt fylke i åra som kjem. For å vera på høgde med denne utviklinga, treng me at menneske med høg utdanning flyttar til fylket. Framtidsfylket gjer ein kjempejobb i denne samanheng, og filmen legg vekt på våre fortrinn, seier han.

Ekte historier
Anne van Oorschot i Framtidsfylket er godt nøgd med arbeidet som bergensbaserte Pandora Film har lagt ned i filmen, og fortel at responsen blant dei besøkande på karrieremessene har vore svært god.

Van Oorschot trur at filmen har treft målgruppa godt. Målgruppa er i første rekkje menneske med høgare utdanning mellom 20 og 45 år.

– I ein slik film er det viktig å ikkje gapa over for mykje, og å prøva å visa fram kvar einaste krik og krok i det varierte fylket vårt. I staden er det lagt vekt på å få fram eit utval ekte historier, som vonleg kan begeistra og vera til inspirasjon for dei som vurderer ei framtid i Sogn og Fjordane, seier ho.

LES SAKA I SOGN AVIS!