– Me pleier å få det som me vil, seier leiaren av Svalbard AUF.

mm

I slutten av mars er det nominasjonsmøte i det desidert største partiet i verdas nordlegaste lokaldemokrati. AUF-laget er det klart sterkaste i Noreg sett i forhold til folketalet. 32 ungdommar mellom 13 og 19 år er medlem. Til samanlikning er det 25 elevar på vidaregåande i Longyearbyen.

– Det er mange, men ikkje alle ungdommane som er medlem i AUF, seier leiar Viljar Hanssen.

Han fyller sjølv 18 seinare i år, og har bestemt seg for å stilla til val.

– Arbeidarpartiet tel 40 medlemmar over 20 år. De kan jo kuppa heile nominasjonen om de mobiliserer?

– Det treng me ikkje, me pleier å få det som me vil, seier han.

Stemmerett for 16-åringar
Lokalstyret på Svalbard er saman med 20 kommunar plukka ut til å ha forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar i kommunevalet no til hausten.

LES OGSÅ: Gubbevelde styrer kommunane

– Eg synst det er kjempebra at eg får stemma til hausten. Det er veldig bra at òg me ungdommar kan bidra i samfunnet, seier Marlene Mellum (15).

– Det er artig å vera med å testa ut stemmerett for 16-åringa, legg ho til.

Las partiprogram – starta lokallag
Viljar Hanssen har vore med i AUF sidan han var 14 år.

– Eg var interessert i det som skjedde rundt meg, og sette meg ned og las partiprogramma og fann ut at Arbeidarpartiet var partiet for meg. Eg har ikkje angra på det.

SERIE FRÅ SVALBARD: Styrer ungdomshuset sjølv

– Viljar kom på skulen og snakka om AUF, og eg synest bra om politikken til Arbeidarpartiet og slik dei styrer, svarar Marlene Mellum som svar på kvifor ho blei engasjert. No sit ho i styret for kultur- og fritidsføretaket i Longyearbyen.

– Dei er veldig flinke til å høyra på oss, seier ho, og nemner at ho fekk viljen sin med ein skaterampe som blei laga til for ikkje lenge sidan.

– Framtida vår
Alle dei folkevalde organa i Longyearbyen lokalstyre har faste ungdomsrepresentantar med møte-, tale- og forslagsrett. Framtida.no har ikkje funne nokon andre kommunar i Noreg som har noko liknande. Leiar i lokalstyret, Kjell Mork fortel kvifor dei tek med ungdommane:

– Det er jo framtida vår, og er viktige røyster som me skal lytta til.

– Kvifor har dei ikkje stemmerett i alle desse politiske organa?

– Reglementet blei laga før mi tid. Det har kanskje noko med at dei ikkje har hatt stemmerett i valet heller. Men det er ei interessant sak, og absolutt eit poeng å sjå på, seier han.

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET 2011!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE