Me kan ikkje akseptera dette overgrepet mot demokratiet og naturen vår!

 I fjor venta regjeringa til dagen før fellesferien med å offentleggjera kraftlinjevedtaket. I år venta dei til VM var i full gang og Stortinget hadde vinterferie. Regjeringa vår har nok ein gong vist seg frå den feige, utspekulerte sida me har sett litt for ofte dei siste fem åra. Avgjersla som blei offentleggjort 1. mars, kom likevel på ingen måte som ei overrasking.

Offentleggjeringa av vedtaket 2. juli i fjor fekk meg til å innsjå at for regjeringa, er kraftlinjesaka kun eit spel for galleriet. Den dagen mista eg siste rest av tillit til regjeringspolitikarane – og heller ikkje snuoperasjonen i august, endra dette. At anleggsarbeidet på Kvamskogen skulle gå i gang, til tross for at eit av dei nedsette utvala skulle utgreia nettopp nødvendigheita av linja, gjorde det heile litt for openlyst: Snuoperasjonen var berre eit strategisk trekk i planen om å trumfa gjennom mastene, og samtidig halda på veljarane og makta. Det faktum at regjeringa med Terje Riis-Johansen i spissen no ignorerer sineeigne nedsette utval som gud veit kor mykje skattepengar dei har brukt på, er bevis nok. Det er nesten fascinerande korleis Olje- og energidepartementet og Statnett formidlar si eiga tolking av rapportane og blankt overser dei mest fundamentale momenta som kom fram i utgreiinga, nemleg at: 1. Oppgradering av ei av dei eksisterande linjene vil gjera Sima-Samnangerlinja unødvendig. 2. At forbetring av straumtilførselen til Bergen ikkje hastar før fram mot 2020. 3. At sjøkabel i Hardangerfjorden er fullt teknisk mogleg og til og med vil verta billigare enn tidlegare antatt. 4. At Bergen som eige prisområde berre vil gje høgare prisar enn resten av landet dersom me opplever ein vinter som oppfyller alle dei same kriteria som vinteren 2010, i løpet av dei neste ti åra. Utvala anslår sjansen for dette til under 1 %.

LES ALT OM KRAFTLINJESAKA!

Desto meir ubegripeleg er det at så mange næringslivsbedrifter – og mest sjokkerande – Hordaland Ap, etter over fem år med løgn og bedrag frå Terje Riis-Johansen, plutseleg snur på hælen og svelgjer heil skremselspropagandaen om skyhøge straumprisar og mørkelegging. Det er fortvilande når verken Hordaland Ap eller miljøorganisasjonen Zero tar seg bryet med å kvalitetssikra argumentasjonen olje- og energiministeren forsvarer vedtaket med – og faktisk gidd å lesa rapportane.

Me kan ikkje akseptera dette overgrepet mot demokratiet og naturen vår! Kampen mot overmakta tærer på, men tanken på å gje opp, har aldri streifa meg. At våre eigne folkevalde i det 21. århundre er i stand til å føra eit heilt folk bak lyset for å gjera den smellfeite statskassa endå feitare, og det attpåtil utan å skulla betala for det, er så gjennomført ròte gjort at det i seg sjølv er ein inspirasjon til å fortsetta kampen, og aldri gi opp.

Eg aktar ikkje å sitta å sjå på at dei som liksom skal styra landet på ein demokratisk måte, gjennomfører denne vandaliseringa av Hardangerlandskapet når me veit at argumentasjonen er basert på løgn – når me veit at det ikkje er bergensarane som skal ha den fornybare krafta vår, og me veit at elektrifiseing av sokkelen ikkje vil føra til global CO2-gevinst. Eg er villig til å gå heile vegen for å stoppa denne urettferdigheita me er vitne til, og eg nøler ikkje med å gå til sivil ulydnad. Kven som eigentleg er ulydige i denne saka, fortener forresten ein omgang på Stortinget. Dessverre er det vanskeleg å gå fysisk til verks mot utbygginga når eg sit på ei øy på andre sida av jorda, men eg lovar å gjera livet surt for Statnett og Riis-Johansen når eg vender heim til fjell og fjordar i mai. I mellomtida håpar og trur eg at kampgløden fortsatt gnistrar i mine medmotstandarar, og de ikkje lar Statnett begynna bygginga utan kamp!

(Synnøve Kvamme studerer for tida på Bali, red. mrk.)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE