Kvifor skal me engasjera oss?
Det er forskjell på å rettleia oss og å fortelja oss kva me skal meina. Ungdom må få politisk makt og større gjennomslagskraft, elles dabbar den politiske interessa raskt av.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Erfarne politikarar påverkar vedtak i Ungdommens Kommunestyre, og brukar det som eit ekstra argument for si eiga sak. Sekretærar brukar mesteparten av taletida på å fortelja ungdom kva vedtak dei skal fatta. Er det slik råda og utvala for ungdom skal fungera?
Kva makt har eigentleg ungdomsråda og elevråda? Ofte er det dei vaksne som fortel ungdom kva dei skal meina. Mange medlemmer veit ikkje korleis dei skal fungera i utvalet, og dei vaksne tek over. I staden må dei vaksne læra opp medlemmane. Ungdom treng rettleiing i korleis systemet fungerar, og korleis dei kan få gjennomslag for sakene sine.
Rundt omkring i landet sit ungdomsråd som nikkedokker for politikarane, utan noko reell makt eller lovnad om at sakene deira blir vidare behandla. Heldigvis finnes det unntak, nokre utval fungerar på ungdommens premissar.
Om ungdom gidd å engasjera seg, er avhengig av kva som skjer etter at vedtaka er fatta. Støvar dei ned i ei hylle, eller blir dei behandla av politikarane? Og er det nokon reell sjanse for at ungdom får sakene sine vedtekne og gjennomførte?
Politisk ungdomsengasjement er eit mykje diskutert tema no, det er nytt og spennande. Skal engasjementet vara, må ungdommen sjå resultat av tida og arbeidet dei legg ned i politikken.