Det er ingen tvil at i Noreg så er det bøllene som regjerer.

No i slutten av februar var dei ei sak i VG og Dabladet der Høgre-politikar Ingvald Godal (76) går ut å seier at han vil gjenninnføra spanskrøyr i norske skular for å straffa mobbarane.

Til VG seier Godal at kampen mot mobbing i norske skular er ein fiasko:

“ – Programmene, konferansene og kampanjene mot mobbing har ikke virket. Nå er det på tide at lærerne og rektorene gjenvinner autoriteten og makten i skolen. Utstyr rektorene med hvert sitt spanskrør.”

Sjølv om det er mange ungdommar som ikkje er politisk aktive, har eg sjølv fått mange reaksjonar på det Godal har gått ut å sagt. Godal meiner at 25 års kamp mot mobbing har slått heilt feil, og at rektorane på skulane må bli utstyrt med eit spanskrøyr (bambuspinne) og ta makta frå bøllane. Godal sjølv har vore på Stortinget for Høgre i 16 heile år. Sidan då har han høyrt at mobbinga skal bli bekjempa, men lite har skjedd. Bakgrunnen for dette heilt seriøse forslaget til Godal om å gjenninnføra spanskrøyret, over 70 år idan det vart avsakffa i norsk skule, er ein samanlikning av skulekvardagen i Noreg og det afrikanske landet Botswana, der lærarane hadde autoritet, elevane gjekk i skuleuniform og ingen vart plaga. Rektoren hadde ein bambuspinne på kontoret sitt, og brukte det når nokon gjorde noko alvorlig galt.

Det er ingen tvil at i Noreg så er det bøllene som regjerer. Nokon opplev trakassering og psykisk og fysisk mobbing kvar einaste dag på skulen, og gjennomgår eit helvete utan like. Me har hatt alle moglege slags kampanjar i den norske skulen, og nokre av dei har fungert dårlegare enn andre. Men det som slår meg er – me lev i 2011. Det er heilt greitt at me skal ha sanksjonar (reaksjonar) mot regelbrot og mobbing, men bruk av spanskrøyr vert jo å gå 70 år tilbake i tid. Samtidig er dette eit verkemiddel som verkeleg ikkje høyrer heime i sammfunnet vårt. Og viss rektoren skal sitja med eit spanskrøyr på kontoret sitt og straffa dei som har gjort noko “alvorlig galt” – kvar går eigentleg grensa for å gjera noko galt? Skal ein rektor har rett til å slå ein elev som har spytta foran føtene på ein annan elev? Eller må grensa gå så langt som ved bruk av skjellsord eller fysisk vald mot ein annan elev?

Sidan det står i lovverket at spanskrøyr ikkje er lov i den norske skulen, vil Ingvald Godal endra lovverket tilbake til då han var ein skuleelev, noko som er mange herrens år sidan. Han går ut å seier at; “Da jeg var skoleelev, var lærerne strenge. Jeg hadde slik respekt for en tysklærer at jeg skalv i buksene da han skulle høre meg i leksen. Men jeg lærte tysk”. Men frykt for læraren er vel ingen god pedagogisk metode? Godal sjølv kallar det respekt. Får ein respekt av ein lærar ved bruk av spanskrøyr?

I Stavanger Aftenblad får Godal kritikk av Helga Johannessen i Anonyme Foreldre av Mobbeofre, og meinar at gulrøtter fungerar betre enn å kue barna: “- Vår lærer hadde en pekestokk han smalt i bordet med, og det skremte vettet av oss. Redsel er ikke veien å gå. Ord og kroppsspråk er bedre måter å få respekt på. Hvis mobbere klarer å ta til seg informasjon, endre sin atferd over tid og opplever at det fører noe positivt med seg, tror vi det vil være mye mer forebyggende.”

Eg skjønar ikkje at slike tankar som Ingvald Godal har kan vera lov, viss ein ser bort i frå ytringsfridommen me har. Me lever i eit moderne samfunn beståande av internett, velstand og hybridbilar. Korleis kan slike tankar i det heile ha ei grobotn? For 70 år sidan vart spanskrøyret avskaffa i den norske skule – la oss halda det slik at det vert 100 år sidan det vart avskaffa og aldri få det inn igjen. Det må vera betre metodar å bekjempa mobbing på enn å slå mobberane. Hadde eg sjølv hatt ein unge som uheldigvis mobba andre på skulen, hadde eg vore fly forbanna viss eg fekk sjå eller høyra at ungen min hadde blitt slått av ein rektor eller ein lærar på skulen. Slike tankar er utdatert, me treng noko nytt – ikkje ein 76 år gammal mann, som ja, har mykje erfaring, men utdaterte metodar bestemma korleis det norske samfunnet skal bekjempa mobbing i skulen. I slike tilfeller treng me fleire ungdommar inn i politikken – det er ungdommen som er nytenkjande. I tillegg har mange ungdommar kjent mobbinga på huda og opplevd kor grufull mobbinga kan vera – desse har fleire idear om kva som kan bli gjort for å bekjempa mobbing. Ikkje ein 76 år gammal pensjonist!

Dette innlegget blei først publisert på Mot til å meina-bloggen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE