1. mars er søknadsfristen til det aller fyrste året med toppidrettslinje i akrobatisk scenekunst. Populært kalla «Frikar-linja».

Embrik Rudningen, Hallingdolen.no
Embrik Rudningen, Hallingdolen.no
Faktaboks

Her finn det informasjon om alle studieretningar for vidaregåande opplæring i Noreg: vilbli.no!

Sjå fleire peikarar til skule og utdanning!

LES FAKTALUKK FAKTA

Til hausten begynnar altså det treårige utdannings-programmet i «toppidrett – akrobatisk scenekunst» ved Valdres vidaregåande skule.

Alle tiandeklassingar i Norge kan søkje om opptak dit.

– I mange år har NTG Geilo kapra idrettstalent frå Valdres. No tek valdrisane revansj og vil lokke dansetalent frå Hallingdal, spøkjer Hallgrim Hansegård.

Han er programansvarleg for den nye utdanninga, kjent som koreograf i Frikar.

Det nye utdanningsprogrammet blir altså ei «ordentleg» line på vidaregåande, som fylgjer den generelle planen til idrettsfag – toppidrett.

Men til dømes Eirik Fuglesteg Luksengard, Vetle Springgard og Margit Myhr gjekk på Frikar-akademiet sitt 2-årige løp som var prototypen for det nye studiet.

– Som de veit har desse hallingane gjort stor suksess på turne med Riksteatret, i Eurovision og på Operaen med Frikar dance company, seier Hansegård.

I fyrste klasse står Frikar for 140 timar med faget aktivitetslære 1, og 140 timar med toppidrett 1. I aktivitetslære blir det mellom anna undervist i lausdans, «godkarstykke», moderne danseteknikkar, breaking, tøyakrobatikk, veggdans, capoeira, kung fu og rytmikk.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE