– Fjern sidemål no!
Atle Simonsen (Frp) vil innføra valfritt sidemål i ungdomsskulen i Stavanger.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Fjern sidemål no!
Atle Simonsen har merkt seg at Høgre har vedteke prøveordning med valfritt sidemål for neste bystyreperiode. Frp-representanten ser ingen grunn til å venta.
– Det er ein kjensgjerning at svært mange elevar har problem knytt til sidemålsopplæringa i skulen, seier Simonsen til Rogalands Avis.
I ein interpellasjon Simonsen rettar i bystyret komande måndag, ber han ordførar Leif Johan Sevland fortelje korleis han ser på forsøksprosjekta med delvis valfri sidemålsopplæring. Han ønskjer òg å ha med bystyret på følgjande vedtak:
«Administrasjonen blir bede å målbere ei sak med forslag til søknad til Kunnskapsdepartementet om prøveprosjekt med valfri sidemålsopplæring på ungdomsskulane i Stavanger.»
– Det er unødvendig at me skal læra å skriva to målformer som er så like, seier Simonsen til Rogalands Avis.
LES OGSÅ: Bokmål = wannabe norsk
Kva meiner du om forslaget om å kutta sidemålet?