– Ta ansvar når du høyrer om mobbing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Einingane innan skule og barnehage i Nissedal kommune har sett mobbinga skikkeleg på dagsorden ved å ha eit svært interessant opplegg for elevar, foreldre og tilsette. Tiltaket er ei av oppfylgingane etter at lokalavisa skreiv om bekymra foreldre som slo mobbealarm ved Tveit skule.

Tove Flack kjem frå Senter for adferdsforsking ved Universitetet i Stavanger. Ho forskar på mobbing, og då spesielt på den som er skjult og altså ofte vanskeleg å oppdage. Forskarkapasiteten blei henta til Nissedal for å gje ei skikkeleg oppdatering på skjult mobbing. Ved eit av høva blei det skipa til foreldremøte i fleirbrukshuset ved Tveit skule.

– Fem til ti prosent av alle barn blir mobba kvar veke. Det er ganske sikkert nokon elevar her på skulen som har grudd seg til å kome hit, innleia Flack.

Står att aleine
Ho fortalde at definisjonen av mobbing er psykisk og fysisk vold gjort av enkeltpersonar eller grupper. Som regel er det fleire som plagar nokon. Dei skjulte formene som blir bruka er fysisk vald og plaging, snakke stygt til nokon og trakassere over tid. Indirekte former er baksnakking, ryktespreiing, nonverbal trakassering og handlingar som indirekte krenkar ein annan. Digitale indirekte former er internett, sms-meldingar, Facebook og heimesider.

– Når baksnakkinga byrjar trekkjer dei næraste vennene seg bort. Snart står den som blir mobba att aleine. Å snakke stygt om nokon forstørrar seg. Andre tek deg for det dei kan ta deg for, og så blir det forsterka. Det skjer små handlingar og teikn overfor menneske. Du får beskjedar frå andre at du ikkje er verdig, sa Flack om situasjonar rundt mobbinga.

– Barn som blir plaga på skjulte måtar gjer feil. Er du offer for mobbing kan du gjere fint lite for å kome ut av det. Andre må hjelpe, heldt forskaren fram.

Dei frammøtte foreldra fekk sjå ein film om ein ungdom som blei mobba i det skjulte. Han blei rakka ned på mellom anna ved at det kom meldingar på internett og mobilen. Han fekk klar beskjed om at han var ein tapar.

Skadeleg for båe partar
– Kva er det som gjer at ein gjer som ein gjer? Det er noko å hente ved mobbing, menneske plagar andre for å oppnå noko. Dei kan få kjensle av å ha kontroll og makt når nokon ligg der nede. Det spreiar seg eit rykte, ein har klart å utkonkurrere andre sterke som har maktposisjon, sa Flack.

Ho slo fast at gutar mobbar meir ope, medan mobbinga som jentene gjer skjer nesten heilt skjult.

– Jenter er meir utspekulerte enn gutar, konkluderte forskaren.

– Er det eit barn som får lov til å mobbe, er det også skadeleg for dette barnet. Slutt å bagatellisere skjult mobbing, heldt ho fram.

Skal bry oss
Flack tok føre seg kva ein kan vente at foreldra gjer for å førebyggje mobbing.

– Ha fokus på ein sjølv som rollemodell. Kvifor snakkar me om andre? Korleis snakkar me til andre? Er det toleranse overfor enkelte familiar i nærmiljøet, og er me inkluderande? Me skal bry oss. Me foreldre har ein kjempejobb å gjere med barna våre. Framsnakke er eit bra ord, det å snakke fint om andre. Det er ekstremt vanskeleg å vere vellykka. Snakk mykje om det, oppmoda ho foreldra i salen.

Forskaren nemnde fleire døme på teikn foreldra kunne sjå etter for å finne ut om barn er offer for mobbing: Barn er triste, trekkjer seg tilbake, deprimerte, stille, oppfarande, vondt i magen, kvalme, det skjer stadig at barna synest dei er sjuke og dei skulkar skulen. Eller den som ikkje finn roa nokon stad, og kanskje er ein bråkmakar.

– Ein må forvente at foreldre tek ansvar når ein opplever at eige barn mobbar eller blir mobba. Ta kontakt med skulen for samarbeid, og ha klare forventingar til skulen, sa Flack.

Samtaler om miljøet
Ho minna elles om lovverket som seier at om nokon blir utsett for mobbing, skal skulen undersøkje saka og stoppe problemet.

– Gode metodar på skulen er at tilsette må bruke meir tid på å observere samspel. Og innfør elevsamtaler om skulemiljøet, oppmoda forskaren skuleverket.

Blir ein elev mobba, sa Flack at ein må forvente at skulen straks undersøkjer saka.

– Skulen må gjere eit systematisk arbeid for å få tak i samspel og kommunikasjon mellom elevane/gruppa, og særleg samspel mellom mogleg offer og andre elevar, sa forskaren.

Vidare påpeika ho at det skal stå skriftleg kven skuletilsett som har ansvar for avdekking av saka, kva metodar som er bruka og når avdekkinga skal vere gjort.

Elles nemnde Flack døme på ein skule med mykje mobbing. Det blei sett inn ekstra midlar for å få vekk problemet, og ei god løysing blei eit samarbeid med kulturlivet og der vaksne også var med i miljøet. I løpet av eitt år gjekk mobbinga kraftig ned ved skulen.

– Kan me vaksne vere meir saman med ungdomen? Det er mykje me kan gjere. Skjult mobbing er eit alvorleg tema. Mobbing øydelegg ein del av livskvaliteten og er ekstremt skadeleg. Det er ein jobb å gjere, folkens. Eg appellerer til alle med kjærlege hjarte, avslutta forskar Flack det interessante føredraget om eit problem som er så vanskeleg og viktig å avdekkje.

– Dette var startskotet, og me stoppar ikkje med det. No skal me jobbe med metodane til Flack som er knallgode på det med mobbeproblem. Det blir eit systematisk arbeid mot mobbing framover, og i den samanhengen er det også viktig at heimane og skulen samarbeider, seier skuleeiningsleiar Kjersti Vevstad til VTB etter arrangementa Flack hadde i Nissedal.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!