Rekordstor vekst i folketalet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan snart feira fem millionar nordmenn

Ved årsskiftet var det registrert 4.920.300 busette i Noreg, ein befolkningstilvekst på 62.100 personar, eller 1,3 prosent, i 2010. Sidan 1900 har veksten berre vore høgare i prosent i åra 1920 og 2008.

Innvandringsoverskotet stod for 68 prosent og fødselsoverskotet for 32 prosent av tilveksten, melder Statistisk Sentralbyrå.

Utrekningar Framtida.no har gjort, viser at om tilveksten held fram som i 2010, vil folketalet passera fem millionar i midten av mai 2012.

Rekord arbeidsinnvandrarar
Nettoinnflyttinga frå utlandet auka med 3.700, eller 9,6 prosent frå 2009 til 2010 og 409 kommunar hadde flytteoverskot frå utlandet. Det vart registrert 73.850 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2010, ein auke på 13,3 prosent. Aldri før har så mange innvandra til Noreg, ifølgje SSB. 31.500 flytta frå landet, og det er om lag 5.000 fleire personar enn førre året.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Nettoinnflyttinga frå utlandet auka frå 38.600 i 2009 til 42 350 i 2010 og er om lag like høg som i 2008. Det største overskotet står statsborgarar frå Polen, Litauen og Sverige for, og dei er i hovudsak arbeidsinnvandrarar. Dernest kjem statsborgarar frå Eritrea, Latvia og Afghanistan. Mange kjem og frå Somalia. Om ein ser på statsborgarar frå dei landa som hadde størst innvandring til Noreg, var det flest svenskar som reiste frå landet, 56 prosent, og færrast latviske statsborgarar som reiste, berre 1 prosent.

Auka sentralisering
Oslo hadde størst folketilvekst i 2010, med 2,1 prosent, og passerte truleg 600.000 i januar 2011. Det er både den store innvandringa frå utlandet og det høge fødselsoverskotet som ga den høge folketilveksten i Oslo.

Rogaland og Akershus voks og snøgt i 2010, med høvesvis 1,9 og 1,7 prosent. I Akershus var det særleg kommunane rundt Gardermoen som hadde stor vekst, med høg nettoinnflytting og stort fødselsoverskot. 2.500 fleire flytta til enn frå fylket i 2010.

LES MEIR OM DISTRIKTSPOLITIKK!

Østfold, med mange kommunar i pendlaravstand frå Oslo, har og høgt flytteoverskot frå resten av landet. Folketalet auka i alle fylka, men Finnmark og Troms hadde størst innanlandsk flyttetap.
Akershus på flyttetoppen i 4. kvartal

Kommunane Osen, Kvitsøy og Skaun hadde prosentvis høgast fødselsoverskot, mens vi nedst på oversikta finn Utsira, Engerdal og Etnedal med størst fødselsunderskot.

SJÅ TABELLAR PÅ SSB SINE SIDER!