Vind, vatn, jordvarme og sol: Fornybare kjelder kan dekke heile verda si energibehov innan 2050.

mm

Eit fornybart samfunn, der heile verda får dekt det totale energibehovet sitt frå fornybare kjelder, er ikkje lenger ein framtidsutopi. Dette viser den internasjonale energirapporten som WWF la fram tidleg i månaden. Rapporten slår fast at det allereie med dagens teknologiske løysingar er mogleg å dekke 95 prosent av energibehovet vårt frå kjelder som vind, vatn, sol og jordvarme. Det som står att er politisk vilje.

Innan 2050 kan 100 prosent bli dekt. Det gjeld òg for dei 1,4 milliardar menneska som i dag lever utan tilgjenge til elektrisitet.

Her er nokre av konklusjonane:
* Innan 2050 kan meir enn ein tredel av bygningane i verda varmast opp med jordvarme.
* Me kan redusera bruken av fossil energi med 70 prosent innan 2040.
* Innan 2050 vil me spara nesten fire trillionar (4 000 000 000 000 000 000) euro kvart år med energieffektiviserande tiltak og billegare drivstoff.
* Om berre 0,3 prosent av Sahara-ørkenen var eit konsentrert solkraftverk, kunne det forsynt heile Europa med energi.
* Med ein million fleire vindmøller på land og 100.000 fleire vindmøller til havs, kan heile elektrisitetsbehovet til 25 prosent av folkesetnaden til jorda bli dekt innan 2050.
* Om me kunne utnytta 0,1 prosent av energien til havet, kunne me skaffa energi til 15 milliardar menneske.

Fossile argument
Energirapporten er utarbeida av WWF i samarbeid med energikonsulentfirmaet Ecofys og OMA, og er eit resultat av grundige analysar i to år.  gjev den mest vidstrakte skildringa som hittil er laga av korleis alle i verda kan få tilgjenge til moderne, fornybar energi samstundes som fossilt og atombasert brensel blir fasa ut innan 2050.

LES OGSÅ: Vil laga fiskefôr av Mongstad-eksos

– Overgangen til eit fornybart samfunn vil by på store utfordringar, men eg håpar denne rapporten vil inspirere regjeringar og næringsliv til å ta desse utfordringane innover seg og samstundes ta modige skritt for å gjere fornybar økonomi til røyndom, skriv generaldirektør Jim Leape i WWF International i rapporten.

Stort potensial
Rapporten viser kva som må til innan viktige sektorar som industri, konstruksjon og transport:

* Elektrisitet må driva størsteparten dei energiforbrukande aktivitetane i verda.
* Den globale bygningsmassen må nærma seg passivhusstandard innan 2050, med minimal energibruk til oppvarming og kjøling.
* Dei beste og mest effektive teknologiane må bli standard for forbrukarar og industri.
* Utvikling av elektrisitetsnettet blir ein føresetnad for å sikra tilgjenge til reine, fornybare energikjelder.
* Sikker, rimeleg og rein energi må tilbydast dei bortimot 2,5 milliardar menneska på jorda som ikkje har tilgjenge til elektrisitet eller som er avhengige av ineffektive og ofte forureinande brenselskjelder til daglege behov som matlaging og oppvarming.
* Bioenergi blir viktig, men må handterast med sertifiseringssystem som sikrar at produksjonen ikkje går ut over mattryggleik, naturvern eller andre fundamentale, menneskelege behov.
* Det må etablerast politiske rammeverk som lønnar investeringar i rein og effektiv energi.

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Trur du det er mogleg å klara seg utan fossil energi innan 2050?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE