Vil nekta elevar karakter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Møter dei ikkje opp ved skuleprøvar får dei heller ikkje standpunktkarakter, føreslår han i ei pressemelding. 


Forslaget frå nestleiaren i kyrkje-, utdanning si- og forskningskomiteen på Stortinget, vil utvilsamt skape debatt. Han meiner det er viktig at ein sender det han kallar eit signal til skular og lærarar om at Framstegspartiet vil fjerna den såkalla retten til å få standpunktkarakterar.

– Elevar skal i staden få tilbod om eksamen i alle fag for å få vitnemål, fortel han. 


Konsekvensar


Lien seier at om elevar leverer oppgåver, prosjekt og liknande etter tidsfristen, så skal det få konsekvensar – akkurat som i arbeidslivet.

– Ein kan like gjerne byrje på ungdomsskulen. I dag er det slik at elevar ikkje har ein juridisk rett til å få standpunktkarakter ifølgje Opplæringslovs. Ein har jo rett til å bli prøvd på det ein kan, men ingen rett på karakter. Vidare er praksisen i skulen at lærarane brukar store ressursar på å gje alle standpunktkarakterar. Dei strekkjer seg altfor langt ved å arrangera prøve nummer to, tre og fire til elevar som aldri dukkar opp når alle andre har prøve. Dette skapar eit stort press for lærarane, meiner han. 


Framstegspartiet går også inn for å gje lik støtte til offentlege og private skular og byrja med karakterar frå femte klasse.

Kva meiner du om forslaga til Framstegspartiet?