– Hotell i verdsrommet om 90 år

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hotell i verds- rommet om 90 år

 – I framtida reiser vi på cruise med fly og overnattar på hotell i verdsrommet, seier engasjerte elevar ved Nordahl Grieg videregående skole. Skulen skipa sist veke til sin første framtidskonferanse.

– Vi har sett på reisemåtar i framtida, seier Camilla Drivenes, Charlotte Kjeilen, Monica Skjærdal og Madeleine Foss. Dei går på service og samferdsel på den heilt nye skulen i Bergen.

Framtidskonferansen starta med ulike foredrag om klima, energi, etc. Deretter vart elevane delte inn i grupper på fire-fem personar der dei over to dagar skulle jobbe med prosjekt knytt til framtida.

Energikjelder som ikkje ureinar
–  Vi ureinar for mykje i dag. I framtida må utsleppa mykje ned. Vi har sett på energikjelder som solceller som ikkje ureinar. På internett har vi funne ulike framtidsfly som går på solceller. Dette kan vere lange, smale kjempe-Concord-fly som går fire-fem gonger snøggare enn lyden eller meir saktegåande fly i 100-150 kilometer i timen, store som hotell, der ein kan cruise av garde. Ein tur mellom London og New York med slikt aircruise vil ta 37 timar, seier jentene.

Elevane har og sett på hotell som blir bygd i verdsrommet, som blir det nye feriemålet, men først om 90 år. Cruiseskipa i framtida blir større enn i dag, nesten som ein øy som siglar over verdshava.

Blir meir miljømedvite
– Det har vore spennande å jobbe med dette. Her finn vi ut korleis vi kan leve i 2043. Då er vi 50 år. Vi håpar vi får oppleve dette. Vi må bli meir miljømedvite og ta i bruk energikjelder som solceller. I dag slepp vi ut for mykje CO2 og øydelegg ozonlaget. I undervisinga har vi hatt klimatoppmøte. Der tok vi opp sakene som har vore på dei internasjonale klimatoppmøta. Vi kommenterte og argumenterte mot kvarandre, men vi er samde om at vi må ureine mindre.

Alle må bidra
Elevane har innsett at ikkje berre staten må gjere ein miljøinnsats.

– Vi må alle bidra til betre klima, og det nyttar om vi alle er med. Vi kan til dømes bli flinkare til å gjenvinne og resirkulere, og vi kan ta kortare dusj. Det er viktig at vi alle bidrar, og vi blir reine sjølv om vi dusjar kortare. Vi har innsett at vi må ta meir vare på miljøet. Vi kan ikkje øydeleggje for dei som kjem etter oss. Vi har alt øydelagt ein del av miljøet vårt, seier elevane Camilla Drivenes, Charlotte Kjeilen, Monica Skjærdal og Madeleine Foss ved Nordahl Grieg videregående skole.

Kinesarane vil til Bergen
I ei anna gruppe er Martine Aasen og Vilde Stankiewicz med. Dei har studert korleis turismen vil utvikle seg framover i Bergen.

– Vi har laga ein film der vi har intervjua turistar og folk som jobbar i turistbransjen. Dei trur at det vil kome stadig fleire turistar til Bergen, spesielt kinesarar. Kina er ein nasjon med aukande velstand. Turistane vil sjå det spesielle landskapet vi har. Nordlyset vil og mange oppleve. Vi møtte turistar som skulle ta Hurtigruten nordover for å sjå nordlyset. Det er dei som har pengar som kjem hit, seier Martine Aasen og Vilde Stankiewicz til hordaland.no.

BLI MED PÅ SKRIVEKONKURRANSE: Kva framtid vil du ha?

Faktaboks