– Trong for 1000 nye helsesystrer

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Trong for 1000 nye helse- systrer

– Venstre lovar ei nasjonal opptrapping med 125 millionar kronar årleg i løyvingar over fire år, og ei storsatsing med 1000 nye helsesystrer. Det er løftet vårt og utfordringa vår til den raudgrøne regjeringa, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Skei Grande viser til at Venstre allereie i inneverande års statsbudsjett har starta denne opptrappinga og føreslått å løyva 125 millionar kroner til formålet. Regjeringspartia røysta mot forslaget då budsjettet vart handsama for nokre månader sidan.

 

– Kan hindra fråfall
– Venstre vil gå i spissen for eit løft for den norske elevhelsa. Me er klare for å løyva meir pengar. Eg meiner at målet må vera 1000 nye helsesystrer, kuratorar og psykologar i skulen dei komande fire åra. Samla vil det koste ein halv milliard kroner. Det er ei satsing som dei som slit fortener og det er samstundes ei målretta tiltak for å hindra fråfall, understrekar Skei Grande.