Fleire får spesialundervising

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 50.000 får spesial- under- vising

Medan talet på elevar med spesialundervisning har gått opp dei siste åra, har det samla talet på elevar vore ganske stabilt i den same perioden. Dermed har også delen elevar som får spesialundervisning, auka. I 2007 fekk 6 prosent av elevane i ordinære grunnskolar spesialundervisning, mens i 2010 hadde delen auka til 8 prosent, kjem det fram av tal frå SSB.

Det er også slik at delen som får spesialundervisning, aukar med høgare årssteg. 7 prosent av elevane på barnesteget fekk spesialundervisning i 2010, mot 11 prosent på ungdomssteget.

Varierer mellom fylka
Delen elevar som får spesialundervisning, varierer mellom fylka. I Akershus var det 7 prosent av elevane som fekk spesialundervisning, mens i Nordland var det heile 11 prosent som fekk slik undervisning. 68 prosent av alle som fekk spesialundervisning hausten 2010, var gutar.

Ein av fire i Oslo får særskild norskopplæring
Det var 43 900 elevar som fekk særskild norskopplæring for språklege minoritetar skoleåret 2010/11, ein auke på 2 300 frå førre skoleår. Om lag 7 prosent av alle elevar i Noreg fekk særskild norskopplæring hausten 2010, men i Oslo var det heile 24 prosent av elevane som fekk slik opplæring. Meir enn 30 prosent av alle elevar som fekk særskild norskopplæring, var i Oslo.

21.780 elevar fekk morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring eller tilrettelagt opplæring hausten 2010. Talet elevar med slik opplæring gjekk ned med 550 elevar frå førre skoleår.

Stabilt elevtal
Det blei talt 614 020 elevar i ordinære grunnskolar i Noreg skoleåret 2010/11. Talet på elevar har vore stabilt dei siste åra. Det store fleirtalet av elevar gjekk i offentlege grunnskolar. Under 3 prosent av alle elevar gjekk i private grunnskolar.