Samarbeider med hemmeleg forfattar

9. klassingane i Seljord samarbeider med ein hemmeleg forfattar om ei ungdomsbok på nynorsk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hjelp til hemmeleg forfattar

Elevane kjem med direkte reaksjonar på det forfattaren skriv, og kjem fortløpande med innspel til både miljøskildringar, personkarakterar og setningar i boka.

Dei 33 elevane i 9A og 9B ved Seljord ungdomsskule er entusiastiske kring nynorskprosjektet i skulen. VTB tok ein prat med 9A-elevane Margrete Andersen, Marte Kraknes, Cecile Kolnes og Annette Dyrud om bokprosjektet.

– Dette er utruleg lærerikt og spennande, meiner dei fire elevane.

– Dessutan er det sosialt, legg Margrete Andersen til.

Nynorsk er ikkje favorittmålføret for dei som har bokmål som hovudmål, men både Marte Kraknes og Cecilie Kolmes er klare på at det går lettare etter at dei byrja med dette prosjektet.

– Det gjev oss betre opplæring i sidemål. Det er kult å skrive på nynorsk. Me tenker ikkje på dette som ei skuleoppgåve, seier Kraknes og Kolnes.

– Det er ikkje så mange bøker på nynorsk, og dei er ofte tunge å lese, meiner dei to.

Ærlege tilbakemeldingar
Kvart bokkapitel kjem frå den hemmelege forfattaren til gjennomlesing i klassa. Læraren les høgt, og elevane kan kome med direkte reaksjon på innhaldet. Dei les med eit kritisk blikk og bidreg også med språkvask. Både norsk og samfunnsfag er inkludert i skuleprosjektet. Elevane kjem med innspel til forfattaren, dei svarar på spørsmål og gjer undersøkingar som å finne ut om mellom anna forholda i Kongo, levestandard, etniske konfliktar og diamantgruver. Forfattaren syr det heile saman og gjennomarbeider innspela frå elevane.

– Det er kult å sjå att setningar me har skrive, meiner elevane.

Dei veit ikkje kven forfattar dei samarbeider med er. Men det er like greitt, om me skal tru elevane.

– Det gjer at me kan vere meir ærlege i tilbakemeldingane, seier Marte Kraknes.

Blant det elevane har påpeikt var at skrivinga i starten var for barnsleg.

Kongo som bakteppe
Boka, som enno ikkje har fått nokon tittel, handlar om ungdomane Andreas og Kine. Dei reiser til Kongo. Her oppdagar dei at foreldra oppfører seg rart. Dette vil dei finne ut av.

Til no er det laga tri kapitel, og elevane er fenga av historia. Spenning, drama og kjærleik er alle ingrediensar i prosjektet.

– Dei to fyrste kapitla var litt kjedelege, men etter det tredje kapitlet får ein berre lyst til å lese meir, meiner elevane.

– Me ser for oss at dette også kunne blitt ein film, legg dei til.

– Me satsar på at boka blir gjeve ut, seier dei fire unge medforfattarane.

– Har de nokre tankar om korleis boka vil slutte?

– Eg ynskjer ei sjokkavslutning som gjer at folk ynskjer ein oppfylgjar, seier Marte Kraknes.

Boka er etter planen ferdig når skuleåret går mot slutten. Då blir det også avslørt kven den hemmelege forfattaren er.

– Kunne de tenke dykk å bli forfattarar?

– Kanskje som ein hobby, seier Annette Dyrud.

Avleggs om data
Lærar Anne Marte Lindheim meiner dei meir enn 30 9. klassingane utfyller kvarandre i det tilpassa opplegget. Nokon er sterke på ein ting, andre på noko anna.

– Nokon gutar vakna verkeleg då eit avsnitt om dataspel blei skildra. Dette var visstnok heilt avleggs, og då gav dei konkrete tilbakemeldingar om dette til forfattaren, seier Lindheim.

– Samskrivingsprosjektet er ein måte å motivere elevane til å bruke nynorsk, og ingen av elevane har reagert på at det blir nytta nynorsk slik det vanlegvis kjem reaksjonar på. Det er gøy, seier Lindheim.

Ho er opptatt av å ikkje gløyme det skapande, kreative og kritiske tenking til fordel for det meir generelle i skulen. Læraren seier også at forfattaren heile tida har vore positiv til prosjektet.

Lindheim har vore med på eit liknande prosjekt i Stavanger i 2005. Bakgrunnen då var å hjelpe dei lesesvake gutane med laber interesse for nynorsk til å like bøker. Boka «Marki Marco» blei gjeven ut i samarbeid med forfattaren Terje Torkildsen og fekk ungdomens litteraturpris i 2009.

– Prosjektet er nytt i Seljord, og dette er elevanes prosjekt. Dei kjem med innspel til både innleiing, avslutning og handling, i tillegg til miljøkarakteristikkar. Målet er at dette skal bli ei bok for oss, ikkje nødvendigvis at ho blir gjeven ut, understrekar læraren.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!