Toppjobb for lærlingar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei unge mennene frå Voss er i ferd med å utdanna seg til «Driftsoperatør idrettsanlegg». Dei to første åra gjekk dei på Voss jordbruksskule, no er dei godt i gang med to års læretid.

Lærlingar hjå heisselskapa på Voss
– Her er det spenning og mykje action, seier Rune Dyrkolbotn. Ken Joar Nedberge, Bjørnar Flisram og Kristian Doherty er heilt samde. Jostein Norheim er også lærling, men var ikkje til stades den dagen "Hordaland" møtte lærlingane ved heisanlegga i Bavallen.

Fire av dei er lærlingar hjå Myrkdalen Fjellheiser, medan ein er lærling hjå Voss Resort Fjellheisar.

Opnar dører ut i verda
Om utdanninga innan idrettsanleggsfaget vil gje dei arbeid i heisanlegga på Voss i framtida, kan dei ikkje seia sikkert enno. Det som er sikkert, er at moglegheitene opnar seg.

– Me kan få jobb i skiheisanlegga her i bygda. Når me får fagbrev, er det også lettare å koma seg ut i verda, for det finst mange skiheisar og vintersportsdestinasjonar rundt omkring. Å få arbeid, vert iallfall ingen problem, seier Rune Dyrkolbotn.

I ferd med å verta dei beste fagfolka
Utdanninga ser ut til å fungera veldig bra.

Dei daglege leiarane Jan Einar Thorsen i Voss Resort Fjellheisar og John Ivar Norheim i Myrkdalen Skiheiser, kan knapt få fullrost lærlingane nok.

– Alt no er dei fire lærlingane me har i Myrkdalen i ferd med å verta dei beste fagfolka me har, seier John Ivar Norheim.

Også hjå Voss Resort Fjellheisar har ordninga fungert særdeles godt.

– Me skulle gjerne hatt fleire av det kaliberet. Eg håpar absolutt at linja held fram, seier Jan Einar Thorsen i Voss Resort.

For heisselskapa er det viktig å få lokal og stabil arbeidskraft.

Fylkestinget sa nei
Etter at kullet på 10 elevar starta utdanninga i 2008, har søknaden til studiet vore for dårleg. Derfor kom linja ikkje i gang sist haust.

Toget er også alt gått for oppstart komande haust etter at fylkestinget vende tommelen ned i desember.

Vonar dei kan verta landslinje
No vonar rektor Svein Inge Styve ved Voss jordbruksskule at utdanninga som «Driftsoperatør idrettsanlegg» kan verta landslinje og dermed auka statusen.

– Då kan det gje oss elevar også frå andre fylke, seier Svein Inge Styve.

Truleg er det Utdanningsdirektoratet som avgjer om opplæringa ved Voss jordbruksskule får ein slik status.

– Målet er å få i gang eit nytt grunnkurs hausten 2012, og då med status som landslinje, seier Svein Inge Styve.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!