Vi er visst enno på feil klode

Ikkje har vi sett romskip, det er ingen romturisme, og vi har enno ikkje flytta til Mars. Framtida såg best ut på 60-talet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er eit menneske?: Kunstverket «Legal Aliens» av Katrin Plavčak er eit av dei 90 verka som ifølgje utstillinga skal stille dette spørsmålet.

– Hei, snakkar eg med Leif frå Aniara? Er de her snart?

– Ja, vi går inn på utstellinga no.

– Ok, vi står og ventar ved tidsmaskinen.

Klokka er 16.45 og Leif Thorsen og Håkon Myhre frå science fiction-studentforeininga Aniara er eit kvarter for seine til framtida.

Dei to scifi-fantastane er kome til Museet for samtidskunst som for dagen har forlate samtida og entra framtida. I kveld skal vi nemleg få høyre kva astrofysikar Erik Newth har å spå for dei neste århundra i samtalen «Fremtidsvisjonar – mennesket og verdsrommet». Samtalen skulle ha byrja for nokre minutt sidan, likevel virkar Leif og Håkon mest oppteke av fortida.

– Å sjå, der er Giger!

– Giger?

– Han frå Alien-filmane, vel!

– Er skodespelaren frå Alien-filmane her?

Håkon ristar oppgitt på hovudet og peikar samstundes entusiastisk på ein av skulpturane i scifi-utstellinga «Take Me To Your Leader! – The Great Escape Into Space» som framtidssamtalen er heldt i samband med.

Men det er ikkje mykje menneskeleg over det Håkon står og peikar på, Giger er nemleg eit halvannanmeterhøgt og siklande romvesen, eller rettare sagt kunstnaren bak romvesenet, best kjent som «Alien».

– Vi skal ikkje heller ta ei ferd tilbake til framtida, då?

Håkon og Leif tuslar tilbake til den grå metallboksen, men virkar ikkje vidare imponert.

– Eg trur eigenleg ikkje det skal vere ein tidsmaskin, eg trur han berre viser korleis det er å bli kidnappa av eit romvesen, seier Leif etter å ha teke ein prøvetur.

Korleis det no var å bli kidnappa av eit romvesen, rekkjer vi ikkje å få svar på. Det er på tide å finne ut kva den verkelege framtida vil bringe.

Apollo-generasjonen er skuffa
– Kor er det vorte av framtidsvisjonane?

Den febrilske kviskringa og tiskinga mellom dei to svartkledde lykketrolla på rada føre oss opphøyrer i det kveldens Yoda, Eirik Newth, reiser seg og får absolutt merksemd.

Hadde det ikkje vore for at Newth var plassert sentralt i rommet, kunne ein mistenkt at vi nettopp hadde vorte forflytta i tid og rom og landa på eit kva for eit som helst seminar på Litteraturhuset. Tretti stolar står ryddig plassert i det nokså tronge kvadratiske rommet med dempa belysning. Inn kjem ein handfull nerdar med langt hår og Star Wars-genserar, og det er ikkje noko som tyder på at vi vil bli servert lyseffektar eller rare lydar. Her skal publikum få framsynte visjonar, på ordentleg.

LES OGSÅ: Kunsten intelligens

– Korleis kan vi få tilbake eventyrlysten rundt å utforske verdsrommet? Og når får vi eigenleg sjå eit romskip?

Newth er skuffa. Som born av Apollo-generasjonen, hadde han som resten av verda store forhåpningar til tiåra som skulle kome. Frå å vekse opp i ei tid då USA satsa stort på utbygging av romfartøy til å eldast i 2011 når NASA kutter i budsjetta og Obama er mest oppteken av kva som skjer på Jorda, ynskjer han no å vekke liv i dei gamle visjonane.

– Månen er menneskefiendtlig, han er eit grått øydeland, eit fælt system.

Newth er lei av å gå på månen. Han vil til Mars, som ifølgje han sjølv er eit langt betre stad, og utfordrar med appellen sin paneldeltakarane – siviløkonom Nina Dessau og Terje Wahl frå Norsk romsenter – til å gje svar på når vi kan vente oss å få mennesket til Mars.

Verda til Mars i 2040
Dessau er derimot ikkje spesielt interessert i å svara på spørsmål om Mars eller om dei tapte verdsromvisjonane. Ho er oppteken av klimaendringane.

– Spørsmålet er, kven er vi, er vi verdsbanken? Mellom mennesket og verdsrommet må vi ha eit planet!

Publikum flakkar med blikket. Leif har fiska opp mobilen og byrja å sende tekstmeldingar.

– Kan vi få litt meir om mennesket og verdsrommet, ver så snill? Ingen av dykk snakkar om rakettar, innvender Newth etter 20 minutt med global oppvarming, og gjev ordet til Wahl.

– Vi lever i ein teknologisk gullalder, og eg trur ikkje det er lenge til vi får menneske til Mars. Først snakka ein om 1981, så utgangen av 2010 og no 2020, men eg trur 2040. Og med det meiner eg heile verda altså, heile verda vil kome til Mars i 2040, og det sponsa av Coca Cola.

Den nære og fjerne framtida
– Psst! Viss vi skal få sett ferdig utstillinga, må vi gå no.

Wahls flammande innlegg blir avbrote av kviskring i øyret.

– Kva, no? Samtalen er jo ikkje ferdig.

– Klokka er halv seks og vi skal ha styremøte i Aniara klokka seks.

No vel. Tilbake der vi var, omgjeve av romvesen, grå metallboksar og ein Darth Vader som spiddar alle Harry Pottar-bøker, fortel Håkon og Leif om deira eigne framtidsvisjonar.

– Vi håpar på fleire xenihistorikarar, seier Håkon idet han freistar å klatre opp stigen som fører til eit enormt luftskip, men blir stoppa av vaktene med det same han rører installasjonen.

Med xenihistorikarar sikter Håkon til dei som forskar på historia til andre sivilisasjonar.

– Også håpar vi at Noreg utviklar sitt eige romprogram.

SJÅ BILETSERIE FRÅ UTSTILLINGA!

Leif nikkar samd, og så ler han. Ikkje av xenihistorikarar, men av det med Noreg, sjølvsagt. Ifølgje Leif og Håkon er eit Noreg med eit eige romprogram ein totalt fjern visjon.

– No må vi gå.

Håkon og Leif synst både samtalen og utstillinga var interessant, sjølv om sistnemnde kanskje var litt vel retro, litt sånn som ein tenkte framtida ville bli på 60-talet. Likevel er det først og fremst den nære framtida, og ikkje den fjerne, som lèt til å engasjere Håkon og Leif mest der dei takkar for seg til både museet og dei framsynte scenaria.

Klokka er 18.10, og framtida er forbi.

Kvar sin planet
Samtalen som skulle avsløre at dei futuristiske planane er slutt og publikum subbar ut. Newth blir derimot verande med resten av panelet, og er i diskusjon med Norsk romsenter-fyren om når vi skal få oppleve romturisme. Siviløkonomen står derimot noko i bakgrunn og prøver å få i gang ein diskusjon om den berekraftige utviklinga.

Vi er visst alle på ulike planetar i dag.

– Newth, eit siste spurnad: Kva er det eigenleg som har skjedd med framtida?

– Han er vorte fortidsnostalgisk. Han er prega av oss gamle gutane med dei same visjonane som ein hadde for 40 år sidan. Eg er spent på den framtida som den nye generasjonen kan bringe på banen. For verda slik han er i dag, han er skuffande.