Opplevingsradio

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor lagar NRK verdas beste radio-doku

– Ein takkar jo ikkje nei til eit slikt tilbod, seier Hesthamar.

I fjor kom det ein e-post til Radiodokumentar-redaksjonen.  Den var frå Tonje Aursland, eks-kona til Karl Ove Knausgård. Band fem av ”Min kamp” handla mykje om Aursland og det var eit renn av journalistar som gjerne ville ha ein kommentar frå henne. Aursland kjende seg låst. Ikkje nok med at Knausgård hadde bretta ut samlivet deira, men om ho tok til motmæle, ville ho berre bli møtt med hovudristing. Det var kunst og ho vart rådd til å sitje i ro og berre late det heile gå over av seg sjølv. Men kvifor kunne ho ikkje få lov til å seie i frå? Kvifor var det slik at kunstprosjektet stod over henne som person? Ho følte seg som eit offer og ville gjerne ta til motmæle. Og no ville ho gjere det i ein radiodokumentar.

– Ho hadde eit ynske om å fortelje si historie og samstundes ha ein viss kontroll, seier Hesthamar.

– ”Tonjes versjon – ein radiodokumentar om å bli ufrivillig romanfigur” var ein kombinasjon av opptak ho gjorde sjølv og intervju der eg var med. Til slutt redigerte eg dette saman. Ho ville fortelje sin versjon på sine premissar og syne fram kva kostnader det har å bli utsett for noko slikt. I dette ligg det nyansar og ulike problemstillingar. Ein radiodokumentar er førti minutt, og dermed har ein tid til å vise fram desse nyansane.      

Hjarte og hovud
NRK Radiodokumentaren er eit program som blir sendt på NRK P2 kvar laurdag med reprise på sundag. Programmet er mellom dei mest populære programma på P2 med om lag nitti tusen lydarar i snitt, og talet er stigande. I tillegg kjem dei som har lasta han ned som podcast eller høyrt programma i nettradioen. Programmet er ein del av dokumentaravdelinga i NRK.
Kari Hesthamar har arbeidd med programmet i ti år, og i januar vart ho prosjektleiar og ansvarleg redaktør. Ho har vunne ei rekkje prisar for dokumentarane sine, mellom anna ”So long, Marianne” som seinare vart til ei bok. Ho har ein klår visjon for kva dei skal halde på med.

– Gjennom oppleving vekkje merksemd. Me er ein del av den undersøkjande journalistikken i NRK, men me er ikkje gravande journalistar i vanleg forstand. Me prøver å kombinere gravinga med ei oppleving og skal undersøkje samtida på andre vis. Sjølv om dokumentarane har eit personleg uttrykk og ofte kan vere eit portrett, så må det alltid vere ein himmel over. Det må vere noko allment der, noko lydarane kan knyte seg til. Målet er å lage dokumentarar som rører både hjarta og hovudet.

Samarbeider
Dette var noko Hesthamar lærde seg den harde vegen. Ein av dei fyrste dokumentarane ho ville lage, var om ei lita bygd som hadde blitt hardt råka av Alexander Kielland-ulukka. Alle kjende nokon som hadde omkome og spørsmålet var korleis dei levde med ulukka ti år etter.

– Eg ringde til presten som hadde drive mykje med sorgarbeid for å høyre om korleis eg kunne gå fram, seier Hesthamar.

– Då spurde han meg om kvifor eg hadde lyst til å lage ein dokumentar om akkurat det. Og eg kunne ikkje svare han. Sidan vore eit heilt sentralt spørsmål for meg. Det finst mange gode historier der ute, ting som sikkert kunne blitt ein radiodokumentar, men om ein ikkje greier å svare på det spørsmålet, så må ein finne ei anna historie.

Korleis går du fram for å finne desse historiene?

– Det varierer. Av og til kjem historia til deg. Eg kan møte nokon sosialt som fortel noko som ein heng seg fast ved. ”Den brune pakken” kom til meg via ein ven av ein kollega. ”So long, Marianne” kom frå at eg las om at Cohen hadde hatt ein norsk kjærast og byrje å lure på kva det var for ei historie. Eller så kan eg ta utgangspunkt i ein tematikk, t.d. om korleis det er å vekse oppå på barneheim i dag.

Evaluerer kvarandre
Er det så personleg som det høyrest ut som?

– Ja, det må gjennom deg og ut. Det er då det blir interessant. Når eg skal finne ut kva ting eigentleg handlar om, så må eg finne ut kva det fortel til meg som person. Eg likar det når programskaparen syner ein vilje, at han vil noko. Men alle programma er eit samarbeid. Det er journalisten som kjem opp med ideen, og det er han som har siste ordet til korleis det blir til slutt. Men gjennom heile prosessen er det alltid ein rettleiar med, ein som vurderer sjølve ideen, korleis ein skal nærme seg prosjektet, kva som er ein god dramaturgi og heilt til den siste redigeringa. Til slutt skal alle dei andre vere med å evaluere programmet. Dette er noko av grunnen til at me gjer det så bra. Systematisk deling av kunnskap.

Men det er jo ein veldig variasjon i programma?

– Alle skal få ha sitt eige uttrykk, og du kan høyre at me har ulike stilar. Det ligg i oppdraget vårt at me skal eksperimentere med radioformatet. Det er likevel ting som ein treng hjelp med, som t.d. etiske vurderingar og erfaringar med munnlege forteljartradisjonar. Det å gje folk bilete i hovudet, gje dei rom til å dikte med, ut frå sine eigne erfaringar. Viktigast er likevel at det fungerer som program. Førti minutt er lang tid på radio, og det gjeld å halde interessa oppe. Det nyttar ikkje å kome med dei gode poenga femten minuttar ut i programmet.  
Det er mykje snakk om nedskjeringar på Marienlyst for tida. Ein skulle jo tru at de stod lageleg til for hogg. Å bruke to-tre månadar på eit program høyrest jo ut som luksus. Korleis greier de å unngå det?   

– Berre kvalitet. Om det høyrest ut som andre ting, så har me ikkje lukkast. Difor er det så viktig med systematisering av arbeidet. Difor kan det kome inn heilt ny journalist i redaksjonen og vinne Prix Europa med sin fyrste dokumentar, noko som jo har hendt. Det har sjølvsagt med å gjere at journalisten er dyktig, men vedkomande har ikkje gjort det åleine. Det er tilrettelagt her, me har eit høgt fagleg nivå og evaluerer oss sjølve heile tida. Standarden er at me skal vere best i verda på radiodokumentar. Vidare skal me dele aktivt, både internt på huset ved å undervise i intervjuteknikk, og eksternt ved t.d. journalistutdanningane. Så me må vere skitflinke, så enkelt er det.

Kjenner seg priviligert
I 1998 var Kari Hesthamar på SKUP-konferansen i Bodø. Det er eit seminar for undersøkjande journalistikk og Hesthamar arbeidde då i NRK Rogaland. Der heldt Gyrid Listuen eit føredrag om radiodokumentar og spelte av sin eigen dokumentar ”En surrebukk under stjernehimmelen”. Hesthamar hadde aldri høyrt noko tilsvarande. Ikkje sidan ho vart oppslukt av Barnetimen og høyrespel medan ho som lita stod ute og pitla eple heime på garden. Det var opplevinga. Radio rett i mellomgolvet. Etter føredraget gjekk ho rett bort til Listuen og sa: ”Eg òg vil lage slikt!”. Eit halvt år seinare ringde Listuen og sa at det var eit ledig vikariat i redaksjonen, så om ho hadde nokre idear, så var det berre å kome med dei.

– Det er ein privilegert jobb. Ein får drive på med noko ein tykkjer er kjekt, og saman med andre som brenn for det same. Eg får utforske både form og innhald, og eg får tid til å gjere det. Det er eg ekstremt takksam for.