Hingsten går inn for diktatur

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentar-felta under nyheitssaker på nettet er som regel mykje meir underhaldande enn nyheitssakene, sidan folk der kan foreta sine spontane og som regel negative vurderingar av korleis mektige menneske framstår offentlig. Noko av moroa ligg sjølvsagt i at desse vurderingane blir utførte av folk som sjølv synest det er ein strålande idé å kalle seg «hingsten» eller «dogface» når dei uttaler seg i media.

Då nyheita kom på fredag om at Senterpartiet får bot, men at den politiske leiinga slepp fri, då kunne ein for eksempel more seg med å gjette:

-Kor lang tid vil det gå før nokon antyder at alle norske politikarar har hjerneskade og/eller ikkje er menneske?

Svar: Overraskande lenge. Det gjekk faktisk meir enn tjue minutt før ein debattant skreiv at politikarar ikkje kan haldast til ansvar for noko, sidan grønsaker ikkje kan gjere noko gale.

-Kor lang tid vil det gå før nokon samanliknar Norge med land som har relativt dårlig rykte?

Svar: Det tok naturligvis kortare tid. I ei av nettavisene tok det under ti minutt før Norge blei samanlikna med Kongo. I ei konkurrerande nettavis tok det omtrent tjue minutt før Norge blei samanlikna med Egypt. Ei samanlikning Egypt kom godt ut av, sidan folk der i det minste går inn for å kaste dei som er korrupte.

Når ein har lese slikt, så er det lett å meine at dagens menneske er usaklige og at internett har øydelagt norsk debattklima.

Og mange meiner det. Og stadfestar dermed sin eigen påstand på ein måte dei neppe hadde planlagt.

Men dagen då nyheita om Senterpartiet kom, var også trettiårsdagen for utnemninga av Norges første kvinnelige statsminister. 4. februar 1981 blei Gro Harlem Brundtland statsminister. I samband med trettiårsdagen var det fleire underhaldande gamle klipp å finne på nettet. Mellom anna kom eg over eit NRK-klipp der folk på gata blei spurt kva dei syntest om å få ein kvinnelig statsminister. To av dei som uttalte seg sa rett ut at ein slik jobb passar best for menn.

Og dette var skikkelige karar, altså. Velkledde menn med danna talemål. Og dette sa dei altså i full offentligheit. Utan skam. Til NRK. Og dette var i 1981. Då var NRK Norges einaste tv-kanal. Ein blei ikkje intervjua på tv i tide og utide den gongen. Ikkje sånn som no, når det kan vere vanskelig å komme seg gjennom sentrum av norske byar utan å bli intervjua. Den gongen var det høgtid når fjernsynet kom med mikrofonen og kameraet sitt. Ein visste at om ein let seg intervjue av Norsk Rikskringkasting, då snakka ein til sjølve Det Norske Folk. Så ein tenkte seg om, den gongen, før ein snakka på tv. Og to av seks tenkte seg altså om og kom til at dei hadde noko å formidle til Det Norske Folk. Så svarte dei, høflig og danna, til NRKs kvinnelige reporter, at menn eignar seg betre som statsministrar enn kvinner.

Dette var det altså heilt greitt å seie i full offentligheit, på riksdekkande fjernsyn, i 1981. Dette sa altså folk den gongen, etter først å ha tenkt seg om. Dette kunne du altså godt meine den gongen, under fullt namn, sjølv om du hadde eit rykte å ta vare på, både i nabolaget, på arbeidsplassen og i Rotary. Og i kommunestyret, for alt eg veit.

Og det er då er lurer på: Kva ville då folk i 1981 sagt om dei hadde hatt internett? Og kunne seie akkurat kva dei ville, anonymt og utan å tenke seg om først? Om dei for eksempel kunne få ut alt dei ville ha ut, utan frykt for ryktet, under dekknamnet «Hingsten». Kva ville dei då sagt?

Det veit vi ikkje.

Det er akkurat det vi ikkje veit.

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 5. februar.