Eit breiare mediesamfunn

Anders Linga
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit breiare medie- samfunn

Eg er eit vanedyr, det innrømmer eg gjerne. Når eg set meg ned med morgonkaffien for å lesa nyheiter, brukar eg stort sett dei same nettstadene kvar dag. Dette trass i at eg praktisk talt har verda for mine hender. Er eg unik såleis? Truleg ikkje.

Dei aller, aller fleste har nokre nettaviser dei les vesentleg oftare enn andre. Dette er sjølvsagt heilt greitt. Men det er ingen tvil om at ein vert påverka av det ein les. Ulike aviser (og tv-kanalar) skriv om ulike saker, og kan ofte ha svært ulike vinklingar på den same saka. Det er vesentleg stor forskjell på korleis dei to norske dagsavisene Nationen og VG framstiller verda og kva saker dei ønskjer å prioritera, utan at nokon av dei nødvendigvis gjev eit feil bilete av det som skjer. Eit mykje meir ekstremt eksempel er den amerikanske tv-kanalen Fox News. Dette er ein kanal som har ein openbar (høgrevridd) agenda, og dei faste sjåarane har i stor grad politiske sympatiar vesentleg til høgre for Barack Obama.

Paradoksalt nok kan difor det stadig aukande informasjonsmangfaldet føra til at enkeltmenneske vert snevrare i sitt syn på verda. Når ein i større og større grad kan velja kva informasjon ein ønskjer og kvar ein ønskjer å finna denne informasjonen, vert det også lettare å velja vekk dei kjeldene og sakene som ikkje passar eins eiga oppfatning. Det er meir komfortabelt å lesa ein kronikk eller artikkel frå nokon som er samd med deg, enn å lesa om ei meining som er fullstendig ulik det du sjølv står for.

Ønskjer eg meg tilbake til tida då NRK hadde fjernsynsmonopol og aviser berre kom i papir og stort sett måtte tingast? Sjølvsagt ikkje. Men eg vil oppfordra alle til å ein gang i blant prøva andre nyheitskjelder enn dei ein vanlegvis nyttar. Eg trur det er sunt og kan ofte gje nye perspektiv på saker ein i utgangspunktet hadde ei klar oppfatning om. Vidsyn kan det sjeldan verta for mykje av.

LES ANDRE KOMMENTAR-ARTIKLAR!