Korleis vil du møta profesjonell kunst?

Norsk kulturråd utlyser idekonkurranse.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik kan unge møta kunsten

Kor og korleis oppstår gode møte mellom unge menneske og profesjonell kunst? Kunstnarar, kuratorar, arkitektar og designarar blir utfordra av Kulturrådet til å inngå kompaniskap og utvikle idéskisser til arenaer for profesjonell kunst for born og ungdomar.

Kulturrådet spør om kva som kan bli ein framtidsretta, attraktiv og relevant kunstarena for unge.

Inntil fem prosjekt blir valt ut og får 250.000 kroner kvar til vidareutvikling og utforming.

I juryen sit blant anna Sune Nordgren, Kjetil Trædal Thorsen og Bentein Baardson.