Forsmak på arbeidslivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synes det fungerte veldig bra. Det har vore ei nyttig erfaring for meg og er ein flott ting kunne vise til seinare. Eg fekk knytt kontakter og lært ein god del om «livet utanfor HF», fortel Øystein Nilsen Øksenvåg.

Som masterstudent på Øst-Asia-studier ved Universitetet i Oslo (UiO) tilbragte han haustsemesteret i fjor ved Nordisk Senter i Nanjing i Kina. Praksisplassen fekk han gjennom emnet Internasjonalt prosjektsemester (Interpro), der studentar ved Det humanistiske fakultet (HF), får praksisplass i utlandet innanfor sine fagfelt.

LES MEIR: Flest humanistar utan relevant jobb

Sidan oppstart har praksisordningane blitt utvida, og idag finst det liknande emner både for bachelor- og masterstudentar innanfor fagområder frå journalistikk til regionsstudier, via maleri- og gjenstandskonservering.

«Humanistar i praksis»
Praksisemna er ein del av ei breiare satsing ved fakultetet kalla «Humanistar i praksis». Målet er å synleggjere humanistisk kompetanse for arbeidsgivarar samt å styrke HF-kandidatane si stilling på arbeidsmarknaden etter fullført grad.

LES OGSÅ: Søkjer student til konsernsjefstilling

– Kandidatundersøkelsar syner at dei som har vore i kontakt med arbeidslivet i studiet, lettare får relevant jobb etterpå. Med eit slikt praksisopphald får studentane knytt verdifulle kontakter, dei får attraktive punkt på CV-en, og ikkje minst større sjølvtillit i forhold til eigen kompetanse, fortel prosjektleiar for «Humanistar i praksis», Torunn Nyland.

Dårleg økonomi
Seksjonssjef ved studieavdelinga til HF ved Universitetet i Bergen, Ronald Worley, synest opplegget dei har i Oslo er veldig bra, men forklarar at økonomien til fakultetet i Bergen har avgrensa handlefridomen.

– Utfordringa er at slike emner er veldig ressurskrevjande. Den økonomiske situasjonen har ikkje vore den beste dei siste åra, seier Worley.

Det høyrer med til historia at «Humanistar i praksis» ved UiO for ein stor del har blitt finansiert av prosjektstøtte frå Norgesuniversitetet.

– Bra for rekrutteringa
Torunn Nyland ved UiO trur fokuset på praksis har vore bra for studentrekrutteringa til universitetet og får støtte frå masterstudent Øksenvåg.

LES ALT OM YRKESVAL!

– Interpro var den avgjerande grunnen til at eg byrja på mastergrad ved HF, for Interpro gjorde at det blei ei mykje meir praktisk retta grad. Det beste er at du får «gratis» erfaring. Jobben blir ein del av studiane og omvendt, seier han.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

HUMANISTAR I PRAKSIS

*  Prosjekt ved HF-fakultetet ved UiO.
*  Omfattar mellom anna praksisemna Internasjonalt prosjektsemester, eit emne på 30 studiepoeng der masterstudentar på regionsspesifikke program får relevant arbeidspraksis i regionen dei studerer.
*  Liknande praksisemne er tilgjengelege for studentar på ei lang rekke bachelor- og masterprogram.
*  Målet med prosjektet er å styrke og synleggjere HF-faga i arbeidslivet samt å gjere fagmiljøa og studentane meir medvitne om krava og kompetansebehova i arbeidslivet.