På den store prosjektoren lyser tala 00.58.20. Ein lett panikk spreier seg i rommet. Det er under ein time igjen av Bergen Game Jam.

Anette Hjelle Volden, Studvest.no
Anette Hjelle Volden, Studvest.no
Faktaboks

* Det er første gang arrangementet Global Game Jam tek plass i Bergen.
* Arrangementet starta fredag 28. januar kl 17.00 og varte fram til søndag 17.00.
* I Noreg er det 3 «sites» registrert: Moonjam i Hamar, GrimstadJam og  BergenGameJam.
* 170 stadar fordelt på 44 land har deltatt, 6500 personar har vore involvert og nesten 1500 spel er registrert.
* Dersom du vil prøve deg på nokre av spela, er alle å finne på: http://globalgamejam.org/games/2011
* Global Game Jam starta i 2009.

LES FAKTALUKK FAKTA

Helga 28. – 30. januar har 28 studentar og andre spelentusiastar vore samla på Høgskulen i Bergen for å laga dataspel. Temaet for spelutviklinga var utrydding.

– Det er bra at me kan samle folk om spel som ei ny uttrykksform. Det er viktig for folk å møtast under slike arrangement og bli kjent, seier Peter Meldahl, dagleg leiar i Rain Games, ei av spelbedriftene som var med å arrangere Bergen Game Jam (BGJ).

Dei 28 deltakarane utgjorde til saman sju grupper, men for Meldahl er det viktig å påpeike at dette ikkje er nokon konkuranse.

– Dette er ikkje ei konkurranse. Ein vinn ingenting. Dette er for folk som har skaparglede og likar å lage dataspel, men det er også ein viktig plass for folk i spelindustrien som leitar etter talent, seier han.

Brei kategori
BGJ-lokalet rommar alt frå a til å når det gjeld underhaldning, og her er det eit spel for einkvar. Ei lyskule som drep fluger, ein tiger som sloss mot ein panda og kaniner som et alt dei kjem over, er nokre av spela ein kan bryne seg på. Temaet utrydding har tydelegvis slått an.

– Eg likte temaet godt, det var lett å finne på ting å lage. Eg har jobba med å designe figurane, teikne dei og sette dei saman, det har vore veldig gøy, seier Anette Aga, som studerer kunst på Kunsthøgskulen i Bergen (KhiB).

Sjølv om Aga synest prosessen har vore interessant, har ho ikkje tru på at spelet vil bli ein suksess.

– Me gjer ikkje dette for at det skal bli spelt av mange, me gjer det fordi det er kjekt å lage dataspel. Me har jo kun hatt 48 timar, så me måtte avgrense oss, men kanskje det kan bli eit Facebook-spel, alt utanom Farmville, seier ho, og fleire medprogrammerarar ler og hiv seg på dissinga av Farmville.

Låg nerde-faktor
Sjølv om 48 timar er lite tid for å lage eit spel, har dei fleste vore heime for å sove eller for å ta seg ein dusj.

– Dei fleste har dratt heim ein gong i løpet av helga, medan eit par har overnatta på skulen. Nokre har sete til langt på natt, seier Meldahl.

Likevel trur han ikkje nerde-stempelet som spelindustrien har, kjem til å forsvinne med det første.

– Det at dataspel har eit nerde-stempel kjem nok ikkje til å forsvinne før den gamle generasjonen er over. Det er mange frå KhiB her, og eg vil ikkje kalle dei nerdar. Eg vil også seie at det er betre enn å sjå på TV, ein interaktiv underhaldning i staden for passiv, seier han.

Lidenskap og erfaring
Erling Ellingsen, kommunikasjonsansvarleg i Funcom, fortel at det å vere med på arrangement som BGJ er ein fin inngangsportal til arbeid i spelindustrien.

– Ein som jobbar for oss no, var for to år sidan med på eit liknande arrangement, og det var der me la merke til han. Erfaring kan ofte vere betre enn utdanning, hevdar Ellingsen.

Sjølv om dei har personar som er tilsett for å reise rundt og sjå etter talent, meiner likevel Ellingsen at ein må ha visse eigenskapar for å lukkast i bransjen.

– Det viktigaste er at du har ein lidenskap for spel, at du må kunne sjå kva som er bra og kva som er dårleg. Det er vanskeleg å utdanne seg som spelutviklar i Noreg, men dersom du er villig til å flytte litt på deg, har du større moglegheiter for å få arbeid seinare. I England har dei blant anna mange linjer for dei som satse på spelutvikling, seier Ellingsen.

LES SAKA I STUDVEST!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

Kommentarar

ANNONSE