Smart av å keie seg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvar einaste dag pendlar elevane over fjord og innover svingete vegar for å koma seg til den vidaregåande skulen som ligg i ein mindre by inst i fjorden. Av ein eller annan grunn har det alltid vore slik at elevane frå Sand har gjort det veldig bra på skulen. Ein dag var det ein usandsk elev som kom til meg med svaret på kvifor det var slik: ”Veit du kvifor de frå Sand er så smarte? Det er fordi de ikkje har noko betre å finne på.”

Elevane som danna klassen min i ti år, før me reiste ut av bygda til den vidaregåande skulen, skal ha mykje av æra for den faglege utviklinga mi. Det var ein evig konkurranse om å få dei beste karakterane, og det var på ingen måte kult å gjera det dårleg. Me leverte inn oppgåver på 20 sider om den franske revolusjonen til læraren si store fortviling over rettejobben ho hadde framføre seg.

Me laga små dokumentarar til framføringane om den heilage elva Ganges, som i botn og grunn berre var ein pytt i hagen til venninna mi. Og me kjempa oss gjennom den eine boka etter den andre for å få flest klistremerke. På fritida las me bøker og spelte geni når det var for stygt vêr til å vera ute å spela fotball på banen. Me klaga til mor over at me keia oss så innmari og me fann opp leikar om slemme damer som ville ta oss dersom me gjekk på golvet.

I dag er det ei anna tid, noko eg ikkje eingong sjølv merka før ein lærar kom bort til meg i fritimen min. Han kom bort og lurte på kva det var eg dreiv på med, og eg svara som sant var at eg såg på ein tv-serie. Då ville han vite kvifor eg heile tida bytta mellom vindauge med tv-serien, Facebook, mailen min og ein norskartikkel som eg skulle levere inn dagen etterpå. ”Fordi det blir for keisamt å berre sjå på tv-serien” svara eg, sjokkert over meg sjølv. Det var første gong eg sjølv blei klar over at eg ikkje klarte å sjå på tv-serien i meir enn fem minutt før eg bytta til eit anna vindauge.

Eigentleg hadde eg planlagt å skrive om politisk engasjement blant ungdommar i dag. Om korleis eg synest det er vanskeleg å setje meg inn i debattar der Siv Jensen hylar høgare enn Lars Sponheim, nyhendesendingar så fæle at dei gjer vondt og framandord eg ikkje klarer å hugse lenge nok til å slå opp i ordboka. Eg skulle skrive om at eg beundrar ungdommane bak gruppa Mot til å meina. Ikkje bare fordi dei har mot til å meina, men fordi dei har engasjement til å meina og fordi dei tek seg tid til å meina. Likevel blei ikkje dette noko av. Eg hadde rett og slett ikkje tid, eller kanskje eg berre ikkje tok meg tid, til å finna dei rette orda til å forklara eit manglande engasjement eg i grunn blir litt skremd av.

Eg keiar meg aldri lengre. Nå som eg er klar over det merkar eg at eg saknar keisemda, for med ho kom også fantasien og skapargleda. Har eg ikkje noko å finne på, og gjerne før eg ikkje har noko å gjere også, skrur eg på tv-en og ser eit dårleg realityprogram eg eigentleg ikkje bryr meg om. Eg går på Facebook og ser på statusoppdateringar om vener og ikkje-fullt-så-gode-vener som skal på jobb eller er dårlege etter gårsdagen. Dette skjer heilt automatisk, utan at eg sjølv tenkjer over det. Eg les nesten aldri bøker meir, bortsett frå pensumbøkene eg skummar raskt gjennom rett før timen. Eg speler aldri spel meir, med mindre det er noko eg speler på pc-en medan eg har fem andre vindauge opne.

Kva svara eg ho når ho kom med denne utsegna om at me er smarte fordi me ikkje hadde noko betre å finne på? Eg kunne ikkje svara ja, for eg visste eg ikkje var like keisam som eg skulle ynskje eg var. Eg kunne heller ikkje svara nei, då det ville vera å lyge. Eg trur eg berre lo det litt vekk før eg gjekk heim til staden der ingen skulle tru at nokon kunne bu, logga meg av alt som heiter internett og keia meg litt før eg skreiv ein tekst om det.