– Lokalvalet skal bli eit ungdomsval

Deler ut pengar for å få fleire unge til å stemma.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokalvalet skal bli eit ungdoms- val

– Målet er at lokalvalet skal bli eit ungdomsval med den høgaste valdeltakinga blant unge noko sinne, seier Bjarne Dæhli, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Til hausten er det 449 val her i landet, der over 11000 representantar skal veljast.

– Det er viktig at ungdom brukar røysteretten. Valet handlar om kvardagen din, og viss du ikkje røystar er det nokon andre som bestemmer for deg, understrekar Dæhli.

Mogleg å søkja om pengar
Den nye støtteordninga Frifond stem gjev pengar til prosjekt som vil engasjera unge i valet. Eit lokallag, gruppe, elevråd eller ungdomsråd kan få opp til 50.000 kroner.

Dialogmøte mellom ungdom og politikarar, debattar, kurs, konsertar, teater og film om valet, er døme på aktivitetar som kan få støtte. Vilkåret er at arrangementet er partipolitisk nøytralt.

Bjarne Dæhli håpar at mange søkjer om støtte frå Frifond stem i månadene fram mot valet.

LES OGSÅ: Gubbevelde styrer kommunane

Tirill Sjøvoll, leiar i Press, Redd Barna Ungdom, deltok på lanseringa.

– Eg trur fleire av lokallaga våre vil ha nytte av midlane til å arrangera møte om busetting av mindreårige asylsøkjarar i kommunane, sa ho.

Demokratiagentar
20 kommunar, tillegg til lokalstyret i Longyearbyen, prøver ut stemmerett for 16- og 17-åringar til hausten. LNU søkjer no etter demokratiagentar i alle desse kommunane, som skal opplysa og inspirera unge til å nytta stemmeretten sin.

LES OGSÅ: Slik set du dagsorden

I april opnar dei kampanjesida stem1209.no, og dei kjem også til å søkja etter nettaktivistar for å få fleire til å røysta.

Kva trur du skal til for at fleire unge nyttar stemmeretten sin?