Her er saka UNE leitar etter

Utlendingsnemnda (UNE) gjekk ut og meinte at no måtte nokon snart skriva noko positivt om arbeidet deira. Her er saka dei leitar etter.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frilansjournalist Oddrun Midtbø i Sogndal har i mange år vore engasjert i flyktningar og asylsøkjarar sin situasjon. No fortel ho historia om korleis ho engasjerte seg i skjebna til ein eritreisk asylsøkjar og familien hennar.

Den kjem no ut, etter at UNE-direktør Terje Skjeggestad etterlyste positive historier om nemnda sitt arbeid.

– Sidan 1985 har eg arbeidd som journalist, noko som har gitt meg ei rolle som mest mogeleg objektiv og nøytral formidlar av det som skjer i samfunnet vårt. Den rolla la eg frå meg då eg for litt over eitt år sidan traff Embynesh frå Eritrea, fortel Midtbø i eit langt innlegg på bloggen sin.

Klikk her for å lesa bloggen til Oddrun Midtbø!

Der fortel ho historia om korleis Embynesh, busett i Sogndal, hadde fått avslag på familiegjenforening, og korleis ho i mangel av advokat ikkje hadde ein sjanse i havet til å nå gjennom i det norske asylbyråkratiet. Oddrun Midtbø la frå seg journalistblokka, og engasjerte seg sterkt og personleg i saka til Embynesh.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

– Det var ingen veg tilbake. Sakshandsaminga frå UDI var ikkje mykje å skryte av. Den bar preg av svært lita interesse for å gjere ein grundig jobb, og eg noterte mange spørsmål i margen. 8.februar tek eg dei første telefonane til UDI og UNE. Eg presenterer meg som venn av Embynesh, har ikkje tenkt å bruke journalisttittelen for å få særbehandling. Det spesielle og tankevekkande er at det var berre små detaljar som hindra familiegjenforeining. Detaljar som eg som norsk, som kjenner språket, til dels forstår systemet, som ikkje er redd for å stille spørsmål og som har eit stort kontaktnett i bygda fort kunne fikse, skriv Midtbø.

Korleis historia endar, og kvifor Oddrun Midtbø meiner at dette er historia UNE leitar etter, kan du sjølv lesa i bloggen.

LES SAKA I SOGN AVIS!