Flest humanistar utan relevant jobb

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 27 prosent står utan relevant arbeid etter at dei er ferdig utdanna.

– Studentane kjenner seg ikkje rusta til arbeidslivet når dei er ferdig. Dei gruer seg veldig og vil helst ikkje tenkje på kva som skjer etter studiane, seier Iren Legøy, leiar for Humanistisk arbeidsutval til Studvest.

Det er, ifølgje HAU-leiaren, vanleg å utsetje avgjersla om yrkesveg og jobbsøking så lenge som mogleg. Legøy synest næringslivet må kome meir på offensiven.

Tek sjølvkritikk
81 prosent av kandidatane frå høgare grad på alle fakultet hadde fått fast, mellombels eller deltidsjobb etter ferdig utdanning, kjem det fram av Kandidatundersøkinga frå 2009. Men humanistane ligg klart dårlegast an. Under halvparten av alle som gjekk ut med mastergrad hadde fått seg relevant heiltidsjobb etter studiet.

Dekan Gjert Kristoffersen på Humanistisk Fakultet ved Universitetet i Bergen tek sjølvkritikk.

– Dei fleste av oss universitetstilsette har det handikappet at me kanskje kjenner samfunnet utanfor universitetet for dårleg. Universitetet kan bli flinkare til å knyte utdanningane opp mot yrkeslivet, seier han til Studvest.

Korleis meiner du rådgjevingstenesta kan bli betre, slik at ungdom slepp å utdanna seg til arbeidsløyse?

Faktaboks

Så mange av vårkullet 2009 av kandidatar frå høgare grad fekk heiltidsjobb innan eit halvt år:

Øk./adm.: 80 %
Juss: 76 %
Lærar: 74 %
Realfag: 73 %
Helse/sos./idrett: 72 %
Samfunnsvit.: 66 %
Humanist: 49 %

Kjelde: Kandidatundersøkinga 2009, NIFU Step