Vil ikkje flytta heim til fossil framtid

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag kom ei rekkje ordførarar frå Nordland og Troms til Oslo for å be statsministeren setje i gang ein opningsprosess for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Utanfor kontoret til statsministeren stod nærmare 30 nordnorske ungdommar busett i sør, som krev ei oljefri framtid i nord for at dei skal flytta heim. Men ordførarane ville ikkje møte ungdomane, trass i avtale på førehand.

Ei rekkje kommunar i Lofoten, Vesterålen, Ofoten og Sør-Troms har gått inn for ein konsekvensutredning etter petroleumsloven for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Dette til trass for at fleire av vedtaka er gjort med knapt fleirtal, og at ei rekkje kommunestyre har fleirtal mot oljeboring. Ein konsekvensutredning etter petroleumsloven er første steg i ein åpningsprosess for oljeboring.

Møtte ikkje opp
Då dei nordnorske ordførarane onsdag møtte dei rød-grøne partileiarane, hadde dei avtalt å møte òg dei nordnorske ungdomane på veg inn til møtet.

Leiar i Natur og Ungdom, Ola Skaalvik Elvevold frå Tromsø, og leiar i Oslo-laga av Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, Kristine Wika Haraldsen, stod klar til å overrekkja ordførarane ein gigantisk flybillett frå Oslo til Nord-Noreg. Prisen på flybilletten var eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Men ordførarane møtte ikkje opp som avtalt, og hadde heller forsvunne inn til statsministeren ein time tidlegare.

– Me er skuffa over at ordførarane ikkje ville møte oss og lytta til oss. Men dei må vita at me er mange som ynskjer oss ei fornybar framtid i nord, og ikkje ein landsdel som lever av oljeboring og klimaforureining,seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom, ifølgje nu.no.

Òg Kristine Wika Haraldsen var skuffa:

– Ordførarane i nord seier dei ynskjer å få ungdomen heim igjen. Me snakkar på vegne av nordnorsk ungdom her i sør som heilt klart vil flytte heim, men heim til rein energi, fiskeri og reiseliv – ikkje oljeboring, seier Kristine Wika Haraldsen frå Folkeaksjonen.