Ei morfinsprøyte for demokratiet

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei morfin- sprøyte for demokratiet

Fleirtalsregjeringar er jaggu keisame greier. Så godt som all makt blir flytta frå ope lende i Stortinget til lukka rom i regjeringskvartalet, og det offentlege ordskiftet vert effektivt kvelt som konsekvens. Så lenge fleirtalspartia er einige om å bli einige er det jo ingen grunn til å drive meiningsbryting i dagslys. Og klarer ikkje regjeringa å bli einige seg imellom, til dømes om regionreform eller EU-medlemskap, kan ein ganske enkelt la vere å handsame spørsmålet. Men direktiv frå Brüssel kan ein ikkje la vere å ta stilling til.

Saksordførar på førstesida
Allereie frå Soria Moria II vart ført i pennen var det klart at datalagringsdirektivet ikkje var som alle dei andre tusen-og-ørten direktiva som har blitt implementert i norsk rett sidan EØS-avtalen tredde i kraft. SV og Sp er mot, og Ap må til Stortinget for å finne støtte for sitt syn. Dette har for så vidt også vore situasjonen tidlegare, til dømes under handsaminga av tenestedirektivet, men det nye er at Ap slett ikkje er garantert støtte frå opposisjonen. Tvert imot er også alle opposisjonspartia mot direktivet, med unnatak av eit delt Høgre som enno ikkje har tatt stilling. Resultatet av dette utgangspunktet er at vi no har den første breie, offentlege politiske debatten på fem år.

For i kva andre saker dei siste fem åra har det vore førstesidestoff kven som blir saksordførar i førekant av ei stortingshandsaming? I kva andre saker går media og politikarar på kvar einskild (høgre)representant for å kartleggje kor langt unna ei sak er å oppnå fleirtal? Og i kva stortingssaker er det reell spaning om utfallet? Organisasjonen StoppDLD er mest truleg den breiaste politiske alliansen sidan samlingsregjeringa i 1945, og underskriftskampanjen mot direktivet har i skrivande stund sanka 14.728 signaturar. Diskusjonen går for full maskin, utfallet er framleis uvisst – demokratiet lever.  

Personvern er «smalt»
Som leiar av eit ungdsomparti som har kjempa hardnakka mot DLD sidan før direktivet vart vedteke i 2006 er det sjølvsagt ei utruleg spanande tid vi er inne i. Vi er spente og nervøse, og vågar knapt tru at Stortinget for første gong kan kome til å reservere seg mot eit EU-direktiv. Og av alle ting: Eit EU-direktiv om personvern. Noko slikt ville vore historisk på alle måtar. Personvern er nemleg eit politisk fagfelt som i alle år har blitt sett på som «smalt», som noko Venstre og Georg Apenes var opptekne av. Ja, ordet personvern er ikkje ein gong å finne i Arbeidarpartiet sitt stortingsvalprogram. Neppe tilfeldig, vil somme seie.

Samstundes som eg er frykteleg nervøs, må eg også nnrømme at det er utruleg tilfredsstillande å oppleve at det er spaning rundt ein politisk debatt i Noreg, og at det for første gong sidan 2005 faktisk er interessant kva våre fremste folkevalde på Stortinget meiner om ei sak. Og for første gong sidan regjeringsskiftet må Arbeidarpartiet ut og bryne argumenta sine i ope lende. Det er ikkje lenger nok å køyre over regjeringskameratane bak lukka dører.

Historisk veto
Debatten om DLD klarer på same tid å få fram det beste og det verste med norsk politikk. På den eine sida får vi belyst det største problemet med norsk demokrati dag: Viktige avgjersler for landet vårt vert tekne i Brüssel utan norsk deltaking, og vi får (i beste fall) ein liksom-debatt om mogleg reservasjon fleire år i etterkant. På den andre sida får DLD fram norsk politikk på sitt beste: Open meiningsbryting på Stortingets talarstol og brei, offentleg debatt. Den pågåande offentlege debatten om DLD står såleis i skarp kontrast til det som har vore normalen i norsk politikk dei siste fem åra: Intern tautrekking på mørke kott i eit allmektig regjeringskvartal.

Vi treng fleire slike debattar, og vi treng meir open tautrekking mellom regjering og storting. Datalagringsdirektivet treng vi derimot ikkje, og Unge Venstre kjem til å stå på fram til det siste for å verne om personvernet og privatlivet til norske borgarar. Eit veto ville vore historisk på alle måtar, også for det norske folkestyret.