To magiske ord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To ord. Eit kort og eit langt. Det var «innvandringsregulerende hensyn» som var tunga på vektskåla då Utlendingsnemnda (UNE) vurderte Maria Amelies søknad om å få bli i landet. Svaret vart, som alle veit, eit tydeleg nei. I drøftinga av Amelies sak nemner UNE både at ho var mindreårig då ho kom til landet, at ho er usedvanleg sterkt integrert her, og at ho har mista tilknytinga til heimlandet gjennom dei ni åra ho har vore i Noreg. UNE nemner også at ho har ein mastergrad frå NTNU og gode referansar frå frivillig arbeid. Men likevel: Innvandringsregulerande omsyn talar, slik UNE ser det, med tyngd for at Amelie ikkje kan få bli i landet. Så kva er no dette innvandringsregulerande omsynet som UNE legg så sterk vekt på?

Kontroll
Venstres nestleiar, Helge Solum Larsen, er kritisk til den rolla dette omsynet har byrja spela i det politiske livet.

– «Innvandringspolitiske hensyn» har nesten vorte eit credo i innvandringspolitikken. Det er nesten umogleg å sjå kva som må til for å kome forbi det. Det er jo eit såpass utflytande omgrep at det kan bety nesten kva ein vil. I dagens forvaltning kan ein berre vise til det omgrepet, og så blir det ikkje opphald, seier Solum Larsen.

Reint språkleg kan «innvandringsregulerende hensyn» framstå som eit ordna, velorganisert motsvar til eit omgrep som har versert mykje i den norske politiske debatten dei siste åra, nemleg ein «flaum av asylsøkjarar». Når ein person søkjer om asyl, skal styresmaktene alltid vurdere om personen har behov for vern, og om det er grunnlag for å gi opphald av sterke menneskelege omsyn. Det er paragraf 38 i utlendingslova som regulerer «oppholdstillatelse på grunn av sterke menneskelege omsyn eller sterk tilknyting til riket». I denne paragrafen står det også at ein kan leggje vekt på «innvandringsregulerende hensyn». Kor mykje vekt ein skal leggje på dette innvandringspolitiske omsynet, er ikkje gitt. Det er ei vurderingssak. Og den vurderinga er det innvandringsmyndigheitene som gjer.

Fleire rettar
Det kan vere problematisk, meiner Cecilie Schjatvet. Ho er leiar for Juristkommisjonens fagutval for asyl- og humanitærrett. Ho vil ha mindre skjønn og fleire rettar.

– Eg meiner at vi treng ei ut­lendingslov som i størst mogleg grad er basert på rettar og som i minst mogleg grad viser til skjønnsmessige vurderingar som forvaltninga skal gjere. I England har ein til dømes nærast gjort dette med «sterke menne­skelege hensyn» til ei rettigheitsbasert vurdering, seier Schjatvet.

Altfor vanleg
Spørsmålet om innvandrings­politiske omsyn dukkar stadig opp i diskusjonen også hos Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas), fortel Ann-Magrit Austenå, som er generalsekretær for organisasjonen.

– Denne grunngivinga har vorte altfor vanleg. Ho har vorte veldig dominerande etter innstrammingane regjeringa gjorde i 2008 og 2009. Det har vorte mykje vanskelegare å få opphald på humanitært grunnlag enn før, seier Austenå.

LES OGSÅ: Forgubbinga kan redda verda

Det Austenå særleg reagerer på, er spørsmålet om kva det vil seie å ha ei tilknyting til riket. Lova slår fast at tilknyting til landet skal bli vektlagt når ein vurderer om det er mogleg å gi opphald. UNE har no lagt seg på ei line som gjer at berre lovleg opphald i landet skal telje med i vurderinga. I tilfellet til Maria Amelie, som har budd i Noreg i ni år, tel berre åra fram til 2003, då ho og familien fekk endeleg avslag på søknaden.

– UNE driv og utviklar praksis på eiga hand. Det finst ikkje grunnlag verken i lova eller i føresegnene for denne praksisen, seier Austenå.

Butt-syskena
«Innvandringsregulerende hensyn» var eit viktig moment då syskenparet Abbas og Fozia Butt vart utviste frå Noreg. Dei to kom til Noreg saman med mor si i 1989. Då var dei tre og fire år gamle. Sidan då har dei budd i Noreg, berre avbrote av eit tre år langt opphald i Pakistan i 1990-åra. På grunn av dette mista dei to busetjingsløyvet i Noreg. Saka deira er framleis ikkje avklart. Også i saka til Ashok Jegatheeheswaran stod «innvandringsregulerende hensyn» sentralt. Ashok kom til Noreg åleine som niåring. Han budde i ein fosterfamilie, gjekk på skole på Lørenskog, fekk gode karakterar og mange vener. Etter fire år vart han tvangsutsend tilbake til Sri-Lanka. Saka vart anka til Høgsterett, som stadfesta at ut­­visinga var rett. Etter at han kom tilbake, har Ashok flykta på nytt på grunn av uroa i heimlandet.

Avgrensing
Advokat Arild Humlen er godt kjend med «innvandringsregulerende hensyn» frå sin eigen praksis.

– Det er ei grunngiving som i realiteten er tufta på føremålet om å avgrense innvandringa til landet. I nokre saker finst det motomsyn som ein kan ta, og som blir vegne mot statens interesse om å avgrense innvandringa. Motargumentet er då det spesielle omsynet som talar for at personen kan få bli, seier Humlen.

Han er leiar for Advokatforeningens prosedyregruppe, som tek saker for tidlegare asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på søknadene sine.

I lova blir det slått fast at ein kan ta omsyn til barn og sjuke folk som har vore utsette for trafficking. I tillegg kan ein ta omsyn til «sosiale eller humanitære forhold ved retursituasjonen som gir grunnlag for å innvilge oppholdstillatelse».

– Det finst i realiteten ingen motomsyn for vaksne som har vore her lenge, som i tilfellet med Maria Amelie. Der finst det ingen reglar for regularisering. Då er innvandringspolitiske om­­syn det einaste omsynet som blir teke, seier Humlen.

Han er også uroa over at innvandringsregulerande omsyn får spele ei sterkare rolle i saker der barn er involverte.

– Sommaren 2007 kom det inn ein særregel som slo fast at barn som hadde vore lenge i landet, skulle vurderast spesielt. Det følgde utlendingsmyndigheitene lojalt dei første eitt og eitt halvt åra før dei endra praksis. No blir «innvandringsregulerende hensyn» i større og større utstrekning brukt for å hindre opphald i Noreg, også for barn.

Streng praksis
«Innvandringsregulerende hensyn» er ikkje akkurat favorittomgrepet til Geir Bekkevold, Kristeleg Folkepartis medlem i kommunalkomiteen.

– Du skulle berre visst kor mange saker eg får meldingar om der det har vore utslagsgjevande. Det blir lagt mindre vekt på menneskelege omsyn som kan gi grunnlag for opphald, seier Bekkevold.

Samstundes strekar han under at vedtaket i Amelie-saka er i tråd med synet til regjeringa.

– Ein skal vere klar over at dette er den politikken regjeringa ønskjer å føre, seier Bekkevold.

Då Stortinget behandla utlendingslova i 2008, føreslo Venstre og KrF at ein skulle presisere i lova at innvandringspolitiske omsyn ikkje skulle ha forrang i saker der barn var involverte. Dei vart nedrøysta i Stortinget.

Ikkje eit kodeord for «nei»
– Det er Stortinget som har bestemt kva «innvandrings­regulerende hensyn» er, seier Terje Sjeggestad. Han er direktør for Utlendingsnemnda (UNE) og er slett ikkje einig i at «innvandringspolitiske hensyn» er eit utflytande omgrep.

– Venstres Helge Solum Larsen hevdar at UNE stadig viser til det noko vage omgrepet «innvandringspolitiske hensyn» som har vorte eit slags kodeord for nei?

– Nei, det er slett ikkje eit kodeord. Eg ønskjer ikkje å polemisere mot ein politikar, men dette er reglar som har vorte vedtekne i Stor­tinget. Venstre har vore med på behandlinga av den nye utlendingslova. Omgrepet «innvandringspolitiske hensyn» er eit rettsleg omgrep som Stortinget har valt å bruke for å oppnå politiske mål, seier Sjeggestad.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Han viser til at det i sjølve lovteksten er presisert at desse måla handlar om moglege konsekvensar med tanke på om det kan opne for fleire søknader på liknande grunnlag, samfunnsmessige konsekvensar elles, omsynet til kontroll og omsyn til respekten for dei andre reglane i lova.

– Og dette er grunnen til at «innvandringspolitiske omsyn» tel meir enn om ein har vore lenge i Noreg, har mista kontakten med heimlandet, er godt integrert og så vidare?

– I ei asylsak handlar det om asylsøkjaren treng vern mot forfølging eller ikkje. I tillegg kan vi vurdere om det finst såkalla «sterke menneskelege omsyn». Det ein tenkjer på då, er først og fremst ressurssvake personar som kan få ekstra­ordinært store problem om dei reiser til heimlandet. I Madina-saka handlar det om ei svært ressurssterk kvinne. Sjølv om det finst sterke menneskelege omsyn i lovas forstand, skal det ikkje bli gitt opphald om det ligg sterke innvandringsregulerande omsyn som talar for ei anna avgjerd.

– Men kva som er sterke innvandringsregulerande omsyn er jo ikkje gitt. Det er ei vurderingssak?

– Eg har alt forklart kva sterke innvandringsregulerande omsyn er. Og eg har ikkje tid til å svare meir på det.

– I eit innlegg i Aftenposten denne veka skreiv jussprofessor Hans Petter Graver at innvandringspolitiske omsyn burde tale for å la Maria Amelie bli, ettersom landet treng slike folk som henne?

– Eg er ueinig i vurderingane Graver gjer der. Dette er ei asylsak. Viss det er tale om arbeidsinnvandring, som er det som no står sentralt i diskusjonen om Madina, så er det spesielle reglar for dette. Utgangspunktet er at arbeidssøkjaren må søkje frå heimlandet og vente på innreise til styresmaktene har fått kontrollert om vilkåra for å gi løyve er til stades. Men no har eg verkeleg ikkje tid til å svare meir.

LES FLEIRE SAKER FRÅ DAG OG TID!

Korleis meiner du regjeringa har handsama Maria Amelie-saka?

Faktaboks

– Onsdag 12. januar vart Maria Amelie (25) arrestert på Lillehammer, etter at Utlendingsnemnda (UNE) avslo anken hennar om asyl.
– Maria Amelie kom til Noreg saman med foreldra for åtte år sidan, etter å ha flykta frå Russland via Finland.
– Familien har fått avslag på asylsøknadene sine, men har budd ulovleg i landet.
– Maria Amelie har teke ein mastergrad ved NTNU.
– Ho har skrive boka Ulovleg norsk, og sidan vore open om situasjonen sin.
– Maria Amelie har oppgjeve falsk identitet, budd ulovleg i landet og jobba svart. UDI vurderer difor å gje henne innreiseforbod.

Sjå video frå Trondheim StudentTV frå i haust:

Sjå video frå demonstrasjonen utanfor Justisdepartementet: