Mjuk og inkonsekvent

Det er snart på tide at nokon tek mulla Krekar i forsvar.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mjuk og inkons- ekvent

Ein må tenke på signaleffekten. Om ein utlending får lov til å bli i Norge fordi ho har tatt høgare utdanning, snakkar perfekt norsk, deltek i samfunnet og gir ut bok, då risikerer vi at alle utlendingar begynner å ta høgare utdanning, lære seg perfekt norsk, delta i samfunnet og gi ut bok. Då vil vi få eit samfunn fullt av høgt utdanna utlendingar som snakkar perfekt norsk og deltek i samfunnet.

For ikkje å snakke om alle bøkene. Dersom alle utlendingar begynner å skrive bøker, då vil vi til slutt få veldig mange bøker. Og det kjem då verkelig ut nok bøker i dette landet som det er. Skal vi ha endå fleire? Det vil bli kaos! Om vi ikkje seier stopp no med ein einaste gong, så risikerer vi på sikt å hamne i ein situasjon der eit fleirtal av bøkene i Norge er skrivne av folk som ikkje heiter Karl Ove Knausgård. Ikkje nesten eingong. Vi risikerer i framtida at mange av dei som skriv bøker om seg sjølve, har spesielle historier å fortelje. Er det verkelig det vi vil? Ønsker vi verkelig ein masse bøker som ikkje handlar om smugdrikking og for tidlig utløysing?

Ein må tenke på signaleffekten.

Men først og fremst blir det veldig mykje vanskeligare å diskutere asylpolitikk om vi får mange høgt utdanna bokskrivande utlendingar som deltek i samfunnet.

Det er for eksempel mange i Norge som meiner at ein må vere hard og konsekvent i asylpolitikken. Alle forstår at det blir vanskeligare å vere hard og konsekvent når det dukkar opp utlendingar som folk liker. Og då må du begynne å meine sånt som at det er viktig å vere hard og konsekvent, men at det også må kunne gå an å vere mjuk og inkonsekvent. Og det verkar berre useriøst og dumt. Og det er ingen som har lyst til å verke useriøse og dumme. I alle fall ikkje i debattar. I alle fall ikkje på tv.

Det er derfor ein bør føre ein politikk som gir Norge utlendingar som er lette å forhalde seg til og lette å diskutere. Det er derfor ein bør føre ein politikk som har som mål at alle utlendingar i Norge skal selje narkotika, bruke narkotika eller vere mulla Krekar. Det er greitt å forhalde seg til mulla Krekar. Han er for fridom og demokrati berre fordi han kan bruke fridommen og demokratiet til å gi uttrykk for at han er imot fridom og demokrati. Og han forstår norsk berre når han har lyst. Han har rettnok gitt ut ei bok, men ingen er perfekte.

Det er slike folk vi treng.

Vi må også tenke på at nokon må forsvare politikken og reglane. Nokon må sitte i regjering. Det er ingen som vil sitte i regjering, naturligvis, men nokon må. Og då må ein også forsvare reglane. Det kan bli vanskelig dersom landet er fullt av utlendingar som folk liker. Det kan faktisk bli så vanskelig at ein må sende ein ukjent statssekretær for å gjere det. Er det slik vi vil ha det? Statssekretærar er også menneske. Med draumar og håp. Statssekretærar skal også vekse opp og bli statsrådar ein dag.

Her må ein velje.

Dette handlar om kva slags samfunn vi ønsker oss. Vil vi ha eit samfunn med statssekretærar som har ei framtid, mulla Krekar, narkotika og bøker som handlar om ting vi har lese før? Eller vil vi ha eit samfunn der folk verkar dumme på tv?

Denne kommentaren stod først på trykk i Dagsavisen 15. januar.

QUIZ: Prøv deg på innvandringsquizen vår!