Set demokratiet under lupa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Set demo- kratiet under lupa

"Snakk med oss – då gidde me kanskje stemma” er namnet på ein valkonferanse som blir arrangert i Oslo 10. til 11. mars. Det er valprosjektet Mot til å meina som inviterer til konferansen.

Britt-Mari Engeskar frå prosjektgruppa til Mot til å meina gler seg.

– Eg håpar konferansen kan vera med på å skapa meir merksemd kring deltaking for unge, seier ho.

LES MEIR: Lærer ikkje demokrati i praksis

Kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete kjem for å snakke om korleis kommunane skal klare å få med seg dei unge i politikken.

Leiar i Granvin ungdomsråd, Synnøve Kvamme, vil snakke om korleis ei mast kan setje fyr på engasjement.

Kvifor deltek ikkje fleire?
Trond-Viggo Torgersen er leiar av regjeringsutvalet for unge si makt og deltaking. Han skal gi svar på spørsmålet: Korleis gi dei unge auka makt på den politiske arenaen?

Professor Frank H. Aarebrot kjem også for å snakke om kva dei vaksne gjer gale, sidan dei unge ikkje gidd vere med.

Målet til Mot til å meina er å auke det politiske engasjementet blant unge. Ikkje minst arbeider ein for at fleire unge vil ta del i politisk arbeid, politiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot lokalvalet til hausten.

Framtida.no er er delvis finansiert av Mot til å meina.

Kva meiner du er grunnen til at fleire unge ikkje nyttar stemmeretten sin?