Slik blei det rockescene på Eid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Myklebust har hatt eit brennande engasjement for å etablere ein rockescene for ungdom i heimkommunen Eid, der ungdom kunne kome innom for å øve, gå på konsert eller ha ungdomsklubb eller møter. Etter fire år med lobbyverksemd og hardt arbeid kunne han endeleg invitere til opning av rockescenen «Gymmen» i vår. Myklebust var ein av mange ungdommar som i 2006 var engasjerte i Malakoff Rockfestival i Eid kommune. Dette engasjementet, saman med ein idé frå Eid Ungdomsråd, enda til slutt opp i planane om å få til ein eigen rockescene.

– Det tok først av hausten 2006 då Ottar Schanke Eikum, som var med på å starte Malakoff Rockfestival i 2003, og eg møttest for å diskutere saka i Oslo. Me gjekk rett til handling, seier Joakim Kyrre Myklebust.

Ideen om ein rockescene var ikkje ny. Myklebust viser til at tilsvarande tiltak som Gymmen scene og studio har oppstått og forsvunne med jamne mellomrom sidan 1970-talet.

Det som er nytt, er lokaliseringa, kombinasjonen av øvingsrom og konsertlokale i same bygg, 20-års leigekontrakt på lokalet og samarbeid med Operahuset Nordfjord om drift og felles utstyrspark.

Scenen kosta 4,5 millionar kroner.

Vanskeleg å finansiere
Då ungdommane byrja å engasjere seg, trudde dei 2-3 månadar skulle vere nok til å realisere heile prosjektet. I staden tok det fire og eit halvt år.

– Den største utfordringa var å finansiere bygget. Det tok tid, og me måtte gjennom krevjande byråkratiske prosessar. Det var vanskeleg å halde prosjektet gåande over så lang tid. Det tok fire år å finansiere bygget, og allereie ved prosjektoppstarten budde eg i Oslo. Seinare flytta eg til Berlin og Biarritz, og det gjorde det ikkje akkurat enklare å arbeide med grasrotengasjement i Eid. Men alt går, takka vere teknologien.

Etter kvart fekk prosjektet støtte frå Norsk kulturråd, fylkeskommunen, Kommunal-og regionaldepartementet, Malakoff Rockefestival, Sparebanken Vest og ikkje minst folk som stilte på dugnad.

– Korleis gjekk de fram for å hente inn pengar?

– Me slo hardt i bordet, argumenterte for prosjektet og heldt fokus på vårt eige prosjekt utan å rakke ned på andre prosjekt.

Og politikarane i kommunen gav god respons.

– Mange sa det var tipp topp, tommel opp, ungdommeleg engasjement og slikt. Den tidlegare fysikklæraren min ringte meg og var euforisk over at me hadde klart å realisere dette. Det var hyggeleg, slår Myklebust fast.

Turbulent start
Men å få økonomisk støtte frå kommunen skulle vise seg å ikkje bli så enkelt.

– Det var ein turbulent start, der me gav uttrykk for at me var skuffa over å ikkje kunne bli tekne med i kinosalen på Operahuset. Etter kvart forstod me at argumenta mot var ganske gode. Parallelt tok Eid vidaregåande skule ved rektoren eit initiativ for å fristille den gamle gymsalen, som skulle byggjast om til studieverkstad.

– Dersom me ville ta ansvar for å skaffe finansiering til sceneombygging, så skulle bygget vere avsett til det føremålet i 20 år. Fulle av pågangsmot sa me ja. Reint økonomisk gjorde kommunen det klart at det var umogleg å støtte prosjektet. Me brydde oss ikkje om det, me var overbevist om at dette prosjektet var så bra at finansiering skulle vere leikande lett.

– Kva ville du gjort annleis om du hadde starta i dag?

– Så mykje at eg ikkje kan byrje å fortelje om det.

Brukte Facebook
Etter kvart kom Myklebust i kontakt med lysdesignar Kyrre Karlsen via Norsk Rockforbund. Han reagerte instinktivt på planane om å lage ein samlingsplass med mange aktivitetar. Det kom også godt med at han hadde god kompetanse på korleis ein kan skape medverknad og engasjement, og ikkje minst leidde han workshopar med lokale ungdommar. Det kom mange støttespelarar til prosjektet, og dei inngjekk også eit arkitektsamarbeid med arkitekt Oddleiv Hauge, som lenge hadde brunne for rockemiljøet i Eid. Han teikna heile bygget og konkretiserte ideane som ungdommane kom fram til.

– Det geniale med arkitektsamarbeidet var at me kunne kome oppom kontoret når me måtte ynskje, for å sjå korleis det gjekk med planlegginga, kommentere og diskutere. Me måtte altså ikkje via kommunen i tretten papirmøller.

Ungdommane valde å satse på Facebook for å skape blest om prosjektet. Tradisjonelle medium unngjekk dei derimot.

– Frå starten av hadde me ein idé om at me skulle bruke kommunikasjonsplattformer som var opne for deltaking. Artiklar i lokalaviser har ein tendens til å framstille prosjektet som noko fjernt og endeleg. Me hadde ein visjon på plass, men planane kom til etter kvart, seier Myklebust. På Facebook kunne kven som helst bli medlem i planleggingsgruppa, laste opp videoar og teikningar og diskutere kva innhald bygget skulle ha.

– Og ungdommane har i stor grad medverka til korleis huset og scenen har blitt. Det var òg målet for heile prosessen. Medverkinga har skjedd i form av planlegging, jungeltelegraf og dugnad.

Flat struktur
Myklebust har mange meiningar om korleis ein kan skape engasjement blant unge.

– Eg er motstandar av det meste som er passivt. Passive utdanningsmetodar eller forbruk av TV i så stort monn som statistikken viser, er etter mi meining ikkje stimulerande for det personlege engasjementet. Ein skule der elevar i større grad brukar dialog som verktøy for meiningsdanning, hadde vore nyttig. Eg er fasinert av flashmobar, som er dansegrupper som oppstår spontant og deretter løyser seg opp igjen. Desse har flat struktur, alle kan delta, og der er ingen formalitetar.

– Når det er sagt, trur eg noko engasjement kan vekse ut av til dømes ein følt mangel eller eit sakn. Menneske møter andre menneske med fantasi og interesser, og dermed oppstår fellesskap som kan sprengje grenser. Menneskevennleg tettstadplanlegging og arkitektur kan mellom anna leggje til rette for at menneske møtest og ikkje berre køyrer forbi kvarandre.

Gi aldri opp
Myklebust sitt beste råd til andre ungdommar er: berre gjer det.

– Du kjem til å møte utfordringar undervegs. Når ein gjer feil, må ein beklage og korrigere. Samstundes skal ein krevje sin rett til å feile, slår han fast.

Han understrekar også kor viktig det er å aldri gi opp, men derimot ringe og ringe til nokon svarer.

– Sørg for at menneska som skal ta avgjerder, er oppdaterte, ver sikker på at dei har oppfatta kvifor ein treng støtte. Ring også dei om og om igjen, men ver høfleg.

Og sjå ting i større samanhengar, legg Myklebust til. Det finst garantert nokon som driv med noko liknande ein plass, pakk teltet og reis på besøk til dei.

LES SAKA PÅ LNK.NO!

Faktaboks

Joakim Kyrre Myklebust (22) var drivkrafta bak å skape ein heilårs rockescene i heimkommunen Eid, der ungdommane kunne kome innom for å øve, gå på konsert og ha ungdomsklubb og møter. Prosessen starta i 2006, og no i vår opna scenen "Gymmen" i ein nedlagt gymsal. Prosjektet hausta mykje ros i kommunen, men prosessen med å finansiere scenen vart likevel krevjande.