Ola Nordmann sjekka inn på Sørpolen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook lanserte nyleg tenesta Facebook Places for den norske marknaden. Tenesta har av fleire blitt kritisert for at brukarar kan sjekke inn vener på stader utan at venene kan regulera dette. Datatilsynet er mellom dei som er kritiske.

Som med mange av dei andre tenestene som Facebook har kome med tidlegare, er ikkje standardinnstillinga for personvern den mest personvernvenlege. Slettmeg.no har no kome med råd til korleis du går fram.

Slik hindrar du at andre kan sjekka deg inn:
– Klikk på knappen for ”brukarkonto”.
– Gå inn på ”personverninnstillingar”.
– Under oversynet over dine innstillingar finn du bilete av ein liten blyant og teksta ”Tilpass innstillingar”. Klikk på denne.

For å kontrollera innstillingane dine for Facebook Places er det her tre punkt du må sjå ekstra nøye på. Dette er:

* Stader eg sjekkar inn på (kven som skal sjå stader du har sjekka inn på).
* Ta meg med i Folk som er her no når eg har sjekka inn (om du skal kome opp i oversyn over kven som er på eit stad etter at du sjekkar inn).
* Vener kan sjekke meg inn på stader (om venene dine kan sjekke deg inn eit stad).

Merk at både høvet for at vener, og òg framande, skal kunne sjå deg i oversyn over kven som er på eit stad er forhåndsinnstilt som ”aktivert”. Dette tyder at du sjølv må gå inn her og endre innstillingene om du ikkje ynskjer å ha desse høva opne. Så lenge desse er opne vil framande kunne få opp at du befinner deg på same stad som dei.

Slik angrar du på gamle innsjekkingar:
Om du sjølv har sjekka inn éin stad er det samstundes vanskeleg å sjekka ut. For mange tyder dette at du vil vera ein stad heilt til du sjekkar inn på nytt ein annan stad. Andre kan sjå stader du har vore tidlegare. For å sletta ei oppføring av ein innsjekking på ein nettstad gjer du følgjande:

* Gå inn på profilen din på Facebook.
* Søk opp statusoppdateringa der innsjekkinga blei publisert.
* Klikk på krysset til høgre for oppdateringa og stadfest sletting.

På telefonar med iPhone og Android er framgangsmåten litt forskjellig, men ein merkar på same måte oppdateringa for sletting. Innsjekkinga vil då bli sletta frå historikken din og ikkje lenger vera tilgjengeleg for andre.