Oljeministeren skålte i tran

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olje- ministeren skålte i tran

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) starta besøket sitt offensivt. I innlegget sitt til landsmøtet nemnde statsråden at Noreg har fått verdas første flytande havvindmølle, saltkraftverk og tidevannskraftverk. Vidare snakka han om behovet for nettutbygging for å få fram den fornybare energien, og at me må akseptera nokre inngrep om me skal få bygd ut all den fornybare energien som me ynskjer oss.

Då han byrja som olje- og energiminister for to og eit halvt år sidan fekk han ein flaske tran i gåve frå Natur og Ungdom. På slutten av innlegget inviterte han NU-leiar Ola Skaalvik Elvevold til å drikke saman med han.

– Skal me vinna klimakampen er det ikkje tvil om at me må ha musklar både i regjeringa og i miljørørsla. Det nyttar ikkje å vera pinglete, sa Terje Riis-Johansen.

Blei grilla
Etter innlegget lét Riis-Johansen seg grilla på den tradisjonelle miljøgrillen. Om lag 50 NU-representantar stilte seg i kø for å stilla spørsmål til statsråden. Riis-Johansen svarte blant anna på spørsmål om vindkraft, bioenergi, oljeutbygging, trafikkforureining og energieffektivisering.

Då statsråden vart bede om å svare tydeleg ja eller nei på spørsmål om norsk olje skapar klimaendringar som rammar folk i sør, vart Riis-Johansen meir nølande.

– Stoltenberg er problemet
– Jens Stoltenberg er Noregs største miljøproblem, sa Elvevold i talen sin til landsmøtet, der han òg åtvara statsministeren mot konsekvensane av eit ja til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.

I talen sin til Landsmøtet la Elvevold vekt på samanhengen mellom klimakrisa og økt oljeutvinning.

TEMA: Få med deg siste klimanytt!

– Det blir umogleg å løyse klimakrisa viss ikkje land som Noreg klarar å ta dei rette avgjerslene i saker som Lofoten, Vesterålen og Senja. Når me allereie har funne nok olje til at me ikkje klarar dei klimamål me har sett, kan me ikkje satse på at det går bra om me finn meir.

Åtvarar
Natur og Ungdom har lenge kjempa for ei oljefri framtid i Lofoten, Vesterålen og Senja, og organisasjonen er no svolten på siger. I 2011 vil dette vera hovudsaka for Natur og Ungdom, og Elvevold la stor vekt på dette i talen sin til Landsmøtet, der han kom med ei åtvaring til statsministeren.

– Kampen mot utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget var den førre generasjonen sin store miljøkamp. Dette var ei sak som fekk heile samfunnet til å knaka då utbygginga vart pressa igjennom. Jens Stoltenberg: Du vil ikkje skape dei same tilstandane igjen. Du er hermed åtvara.

Landsmøtet varer fram til søndag 10. januar.

Sjå video frå skålinga i tran: