Minimums-universitetet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kø for å bli universitet

På overflata er mykje som før. Bygningen med den store glasfasaden ligg der, nett som tidlegare, på slettene på Mørkved i utkanten av byen. På internett er «Universitetet i Nordland» framleis ein peikar på nettstaden til Høgskolen i Bodø. Men denne veka gjekk Høgskolen ut av soga. Bodø har vorte universitetsby. Begeistringa for den nye ab­strakte, fleirfarga logoen, som ifølgje opphavsmennene skal symbolisere både himmel og hav og samspel mellom natur og kultur, har late vente på seg. Men nordlendingane er begeistra for det nye universitetet. Så mange som 74,4 prosent av innbyggjarane i fylket meiner universitetet vil bli svært viktig for regionen. I resten av landet blir det snakka om «universitet på kvart nes og kvar holme» og om «å smørje ressursane for tynt utover». Universitetsspørsmål handlar om peng­­ar, prestisje og regionalpolitikk.

«Det er gledelig at Nordland nå har fått sitt universitet, og at høgskolen har blitt belønnet for strategisk og målrettet arbeid over lang tid», sa Tora Aasland, minister for høgare utdanning, ved opninga.

Samstundes er departementet hennar i ferd med å utarbeide nye retningsliner som kan gjere det vanskelegare å etablere nye universitet.

Det smale universitetet
Det er lett å kome trekkjande med dei gamle grekarane og tyskaren Wilhelm von Humboldt i diskusjonen om det nye universitetet i Nordland. For dette er noko anna. Det nyslåtte universitetet har fire ph.d.-program, i faga sosiologi, havbruk, bedriftsøkonomi og profesjonsstudium. Det er akkurat nok til å oppfylle minimumskravet for å bli godkjent som universitet.

– Det er sant at fagprofilen vår ikkje er så brei. Vi ønskjer ikkje at det skal vere slik heller. Men vi har fire doktorgradsprogram som held standard og mål som er verdige for eit universitet, seier Pål Pedersen, rektor ved det ferske Universitetet i Nordland.

Han seier at det viktigaste argumentet for å bli universitet var å sende eit signal om kvalitet.

– Å endre tittelen frå høgskole til universitet var ikkje det viktigaste for oss. Det viktigaste er at ph.d.- og masterutdanningane våre blir oppfatta å ha det nivået som dei faktisk har, seier Pedersen.

Han vedgår likevel at det er fleire fordelar med å vere universitet.

– Det er viktig med tanke på samarbeid med forskarar i andre land. Den tidlegare engelskspråklege tittelen vår var University College, mange var usikre på kva det var.

Etter Bodø står fleire andre høgskolar i kø. Høgskolane på Lillehammer, Gjøvik og Hedmark ønskjer på sikt å slå seg saman og bli til Universitetet Innlandet. Høgskolane i Akershus og Oslo vedtok for ei tid sidan å slå seg saman. Også dei har signalisert universitetsambisjonar.

Oslo-kritikken
Rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, har fleire gonger etterlyst ei øvre grense for kor mange universitet Noreg kan ha. Statsvitskapsprofessor Bernt Hagtvet, også han frå Universitetet i Oslo, tok i fjor haust til orde for å leggje ned dei nye universiteta i Stavanger og på Agder. Forskingssjef ved Norsk utanrikspolitisk institutt Iver B. Neumann er også kritisk til dei nye universiteta.

– Det er to måtar å tenkje om universitet på. Den eine er at universitetet skal dekkje det vi har av kunnskap, vere breitt samansett og elitistisk. Fram til universitetseksplosjonen tenkte ein slik. No kallar ein alt mogleg for universitet. Dette vart introdusert av Margaret Thatcher på 1980-talet, og det handla om å rive ned standardar. Ho delte ut universitetstitlar til polytekniske høgskolar. Den utviklinga enda opp med at Storbritannia fekk eitt universitet per million innbyggjar. Men kor mange universitet treng 4,9 millionar? No har ein jo fått eit fullstendig frislepp. No har vi fått universitetet på Steigen, seier Neumann. (Universitetet på Steigen er ein filial av universitetet i Nordland., red.mrk.)

– Skader det dei gamle universiteta at det kjem nye til?

– Det var ein gong slik at det å ha arbeid på universitetet gav ein viss status. Det gir det ikkje leng­er. No er jo fleire av dei universitetstilsette reine lærarar, seier Neumann.

Sjølv om han er kritisk til nye universitet, vil han ikkje kritisere Bodø.

– Når det finst ei opning, kan ein ikkje kritisere folk for at dei hoppar inn i ho. Bodø gjer det alle andre ville ha gjort.

Kritikken frå nord
Kritikken mot det nye universitetet i Nordland har ikkje berre kome frå sør. Han har også kome frå nord. Universitetsfolk i Tromsø har skulda Bodø for å vere nordlandssjåvinistar og for ikkje å ha syn for kva som er best for landsdelen som heilskap. Tove Bull, professor i språkvitskap ved Universitetet i Tromsø og tidlegare rektor ved same stad, er blant kritikarane.

– Eg vil ikkje kritisere Bodø i og for seg. Dei har reagert slik ein kunne vente, og slik alle ville ha gjort innanfor det systemet vi har. Det er Nordland fylke som har vore den sterkaste støttespelaren for Universitetet; her handlar det om Nordland meir enn om Nord-Noreg, seier Bull.

Ho vil først og fremst kritisere politikarane.

– I ein forstand har dei sentrale politikarane abdisert og delegert ansvaret for høgare ut­­danning til institusjonane sjølve, seier Bull.

Ho meiner sjølve regelverket rundt universitetsstatus skaper eit kappløp. Kriteriet for å bli godkjent som universitet er at ein må ha fire doktorgradsprogram og fem masterutdanningar. Desse utdanningane må vere kvalitetsjekka og godkjende av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

– Når ein har eit hierarkisk system der høgskolar kan rykkje opp og bli universitet, skaper det eit press. Høgskolane byggjer seg opp på dei felta der dei er fagleg sterke. Dei spør ikkje om faga som blir valde ut, er dei viktigaste for samfunnet. Dei spør etter kva ein er sterkast i, kva det er lettast å satse på for å få universitetsstatus, og sjølvsagt kva som løner seg mest økonomisk. Det kan få merkelege utslag, som då Universitetet i Stavanger gjekk inn for å leggje ned fransk, spansk og tysk i fjor, seier Bull.

Ho ønskjer heller eit fullstendig frislepp av universitetstittelen, utan godkjenningsordning og formelle krav.

– Det er ei betre løysing. I dag er det slik at alle ressursane på høgskolane blir kanaliserte mot det som krevst for å bli universitet. Logikken er heile tida at ein skal rykkje opp ein divisjon, men vi er jo ikkje fotballag heller, seier Bull.

Regionalpolitikk
Fredrik W. Thue er postdoktor i historie ved Universitetet i Oslo og ekspert på universitetshistorie.

– I eit lite land vil det alltid bli diskutert korleis ein skal unngå å spreie kreftene for mykje. Men eg har ein mistanke om at mykje av universitetsdiskusjonen handlar om administrasjon og politikk, ikkje om fag, seier Thue.

Han meiner det faglege ut­­gangspunktet for universitets­jaget er at forskarar på høgskolar har vore vel så godt kvalifiserte som kollegaene sine i universitetssektoren.

– Motsetnadene i denne diskusjonen går ikkje berre mellom tradisjonelle universitet og høgskolar. Det går tvers gjennom høgskolesystemet. Nokre av faga på høgskolane var skreddarsydde for dei. Distriktshøgskolane som vart oppretta i 1970-åra, skulle primært gje kortare og meir yrkesretta studietilbod enn universiteta. Men i tillegg har høgskolane drive med filialundervisning i enkelte universitetsgrunnfag. Etter oljekrisa i 1972 vart det stramma inn på stillingar på universiteta. Det førde til at mange av dei som fekk jobb på høgskolane, var vel så fagleg dyktige som dei som hadde fått stilling­ar på universiteta i åra før. Det førde høgskolane inn på ei drift mot universitet, seier Thue.

– I Volda fekk ein til dømes eit miljø som hadde eit høgt fagleg nivå for norsk og historie. Men då distriktshøgskolane i 1990-åra vart integrerte med ei rad andre, yrkesretta høgskolar, vil eg tru at ambisjonane til slike, lokale, akademiske fagkulturar i større grad vart hekta på ei institusjonell imperiebygging driven av høgskoleadministrasjonane.

Universitetshistorikaren meiner det er rett og rimeleg at Stav­anger fekk sitt universitet.

– Sjølv om kvalitet må vere hovudsaka, kjem ein ikkje heilt utanom regionalpolitiske argument. Det ville ha vore vanskeleg å nekte oljehovudstaden Stav­anger å få sitt eige universitet. Når det gjeld Bodø, ein liten by i ein tynt folkesett region, er eg langt meir usikker, seier Thue.

LES SAKA I DAG OG TID!

Kva synst du skal til for å kalla seg eit universitet?