– Sjølv Noreg kan gå konk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg er på ein annan planet i høve til den vestlege verda sine økonomiske problem. Men sjølv rike Noreg kan gå konkurs, meiner amerikansk økonomiguru.

– På grunn av olje- og gassinntektene har Noreg ein økonomi som liknar meir på Brasil enn Europa og USA. Og desse inntektene har førebels verna dykk mot finanskrisen.

Det seier professor Kenneth Rogoff ved Harvard-universitetet, som deltek på NHOs årskonferanse i Oslo. Han blir rekna som ein av dei fremste ekspertane i verda på finanskriser.

– Sjølv om Noreg har forvalta råvareressursane svært godt, kan inntektene kollapsa. Og då har den store norske velferdsstaten vanskeleg for å tilpassa seg. Sjølv om ein er rik, risikerer ein å gå konkurs. Sjå berre på California og Dubai, seier han i eit intervju med Newswire.

Konstant dårskap
Rogoff var ein av dei få som varsla den siste finanskrisen, såg spådomane hans blir lytta til. Saman med Carmen Reinhart utgav han i fjor boka med den ironiske tittelen This Time is Different, ein studie av finanskriser gjennom åtte hundre år.

TEMA: Les meir om samfunnsøkonomi!

– Historia har vist oss at dårskapen til menneska er konstant. Sjølv om krisane opp gjennom tidene kan ha ulik opphav, er etterverknadene overraskande like.
Problemet er at staten går inn og garanterer for stor privat gjeld. Resultatet er store statsfinansielle problem som vi ser i Hellas og Irland, og ein langvaring økonomisk nedtur. Ein del land kjem aldri til å gjere opp for seg.

– Faren i Noreg er òg private gjeldsbobler. Dei kan vere starten på ei ny krise. Det norske skattesystemet subsidierer gjeld, til dømes til bustadkjøp, og bør difor leggjast om, seier Rogoff.

Signal til norske føretak
NHO-direktør John G. Bernander meiner åtvaringane til Rogoff er eit signal til norske føretak.

– Ifølgje Rogoff vil dei økonomiske problema i Europa kunne vare i ti år. Når vi veit at 80 prosent av norsk eksport går til Europa, forstår vi at dagens svake vekst vil føre til omstillingsbehov her heime, seier han til Newswire.

Kenneth Rogoff er professor i økonomi og offentleg politikk ved Harvard-universitetet i USA. Han har tidlegare vore sjeføkonom og forskingsdirektør i Det internasjonale pengefondet (IMF).

SJÅ Nett-TV FRÅ ÅRSKONFERANSEN TIL NHO!

Faktaboks