Alle vil passa seg for fella

NHO åtvarar mot veldferdsfella. Ungdomsparti åtvarar mot NHO-fella. Stoltenberg siterer Musevisa.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er årskonferansen til Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO). Og dei fleste som kan krypa å gå innan politikk og næringsliv deltek i Operaen. På førehand har NHO førebudd eit rikt program med utgangspunkt i at Noreg er i ferd med å gå i velferdsfella.

Dei tre bølgjene
Marsjen ut av arbeidslivet må bremsast så raskt som mogleg. Viss ikkje blir truga sjølve velferdsmodellen vår, meiner NHO.

– Eldrebølgja, trygdebølgja og migrasjonsbølgja inneber at velferdsordningane våre ikkje lèt seg finansiere i framtida utan at langt fleire kjem i arbeid. Reknestykket går ikkje opp, seier NHO-president Kristin Skogen Lund. Velferdsfella kallar NHO det.

– For ein person med forsørgarbyrde kan trygdeytingane gje inntekter på nivå med ein vanleg løna jobb. For nokre vil det ikkje løne seg å jobba, eller vinsten blir svært liten. Det bidreg til at mange blir trekt ut av arbeidsmarknaden, seier Skogen Lund.

Kjøper ikkje alt
Korkje statsminister Jens Stoltenberg eller arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap) kjøper skildringa til NHO.

– Om me skulle vera på snittet for OECD ville me hatt 350.000 fleire utanfor arbeidslivet, sa Bjurstrøm.

– I løpet av dei siste ti åra har me blitt nesten 300.000 fleire menneske i jobb i Noreg. Dei siste 20 årene har me blitt 500.000 fleire i jobb. Og det i eit land som ligg på topp i sysselsetting, sa Stoltenberg.

Men statsministeren la til:

– Det er jo ikkje slik at om me ikkje har gått i ei velferdsfelle no, så er me sikra mot å gå i ei slik felle i framtida. Me må gjera som musemor, og passa oss for å gå i fella.

– Det eine me må vera permanent opptatt av er fornying. Omstilling i privat sektor og fornying i offentleg sektor.

Handlingsregelen og meir folk i arbeid er dei to andre viktigaste bidraga til å ikkje hamna i velferdsfella, ifølgje statsministeren.

  


Kritiserer NHO
Sosialistisk Ungdom, AUF og Senterungdommen gjekk i dag ut i Dagsavisen der dei åtvara mot NHO-fella.

– Når ein høyrer på NHO skulle ein tru at ein heil generasjon låg på sofaen og spelte Playstation, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

Ungdomspartileiarane åtvarar moderpartia mot å akseptera røyndomsforståinga til NHO.

Arbeid for alle
– Arbeid for alle, høge minstelønningar og at det skal løna seg å jobba.

Det er dei viktigaste for arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

    

– Prinsippet om at det skal løna seg å jobba blei endå tydelegare i det nye pensjonssystemet, sa ho.

Kva meiner du skal til for å ikkje hamna i ei velferdsfelle?

Sjå talen til Jens Stoltenberg:

video platform video management video solutions video player

Faktaboks