Finn flest hol i Finnmark

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo-ungdom har færrast hol, melder NRK i dag. Men det er ikkje sikkert det er slik. Berre 60 prosent av 18-åringane i hovudstaden fekk sjekka tennene sine i fjor. Dette er langt lågare enn dei fleste andre fylka. I Nordland og Oppland er tannhelsa til høvesvis 88 og 87 prosent av ungdommane sjekka, viser fersk statistikk frå SSB.

For 18-åringar er gjennomsnittstalet i landet på 4,7 hol. Likevel har det skjedd ein liten auke for enkelte fylke i talet på hol. Oslo har færrast med 3,8 hol, medan Finnmark har flest med eit gjennomsnitt på 5,8. Finnmark har samstundes den største prosentvise nedgangen i talet på hol for 18-åringar mellom 2008 og 2009.

Utflating
For 12- og 18-åringar har talet på hol i tennene gått ned dei 25 siste åra, men tala for 2009 er uendra samanlikna med 2008, skriv SSB.no.

Det er færre 18-åringar med mange hol, men gruppa med null hol minskar. Delen 18-åringar med mange hol i tennene er på 12,8 prosent for heile landet, den same gruppa var på 15,4 prosent i 2005.

Hedmark fylkeskommune har færrast hol blant sine tolvåringar med 1, medan Finnmark har flest med 2,2. Sjølv om tal på hol i tennene held seg uendra på landsbasis, er det nedgang i fleire av fylkeskommunane.