Demokratiet sitt sanne ansikt

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Julian Assange og hans medsamansvorne har med WikiLeaks skapt ein internasjonal storm med USA som utgangspunkt. Eit av maktherrane sitt verste mareritt har vorte til verkelegheit: folk får vite kva dei driv på med.

Det er i grunn ikkje så rart at amerikanske politikarar vil ha Assange av banen – det er vel ikkje noko kjekt å sitta med makta når ein ikkje kan gjera akkurat som ein vil lenger? Når ein gjer seg ut for å vera demokratisk, må ein jo også ta med i reknestykket at folkeviljen har noko å seia. Drit du deg ut for mange gonger kan du risikera at folket tek frå deg makta – og nettopp derfor er det veldig fint for politikarane at dei berre kan hemmelegstempla dei sakene som folket ikkje likar. Så når ildsjeler som Assange sørger for at hemmelegstempla dokument blir tilgjengelige for offentlegheita, er det klart politikarane har eit problem.

LES OGSÅ: SU speglar WikiLeaks

Når du sit med makta treng du eigentleg ikkje vera redd for noko som helst. Det er du som bestemmer kva som er lov og ikkje, og om du sjølv skulle vera så “uheldig” å bryta lova, er det i stor grad opp til deg sjølv å avgjera om lova også gjeld deg. Og når ein trussel dukkar opp, til dømes offentleg innsyn i myndigheitene sine hemmelegheitar, har du mange moglegheiter å velja mellom. Du kan planta falske bevis for at dei som står bak trusselen har gjort noko kriminelt, og på den måten utsletta trusselen på “demokratisk” vis; men det har nok utan tvil blitt gjort verre ting i demokratiet sitt namn. WikiLeaks beviser berre at det føregår mykje under overflata, som visst nok skal gå utover sikkerheita dersom folk flest får kunnskap om det. Kven si sikkerheit? Kven blir ramma av at WikiLeaks offentleggjer ein video som viser korleis eit amerikansk helikopter skyt og drep 15 menneske i Irak, deriblant to journalistar frå det internasjonale nyheitsbyrået Reuters? Neppe det amerikanske folk i alle fall. Det einaste som står i fare ved denne offentleggjeringa, er makta til amerikanske myndigheiter. Og dei kallar Assange for terrorist.

Demokrati = folkestyre. Korleis kan eit demokrati fungera når folket ikkje ein gong får vite korleis landet vert styrt? WikiLeaks er ein styrke for demokratiet og legg eit velfortjent press på maktinnehavarane. Tida for å leika demokrati er over – WikiLeaks har komme for å bli.