Noregsmeister i Facebook
Kvinnherad er den mest populære kommunen på nett. I alle fall dersom talet på Facebook-tilhengjarar kan brukast som målestokk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregsmeister i Facebook
Kvinnherad er den kommunen i landet som har flest tilhengjarar på Facebook. Det kjem fram i undersøkinga Kommunale kanalar – En undersøkelse om kommuners bruk av digitale kanaler, som er utarbeidd av Areca.
Med 3390 tilhengjarar på Facebook (det oppdaterte talet er 3398) har Kvinnherad kommune meir enn 500 fleire tilhengjarar enn Sarpsorg, som er nummer to på lista.
Overraskande funn
Kjartan Thoresen ved avdeling for samfunnsutvikling var mannen som i si tid oppretta Facebook-profilen til kommunen. Han er overraska, men godt nøgd, over innhaldet i denne rapporten.
– Det er kjekke tal for oss, dette. Sida blei opprinneleg oppretta for å få litt gratis marknadsføring i samband med eit “Kom til Kvinnherad”-arrangement, og me har vore ganske aktive med å leggja til vener, seier Thoresen.
Ulik bruk
Det har også blitt undersøkt korleis kommunane brukar dei digitale kanalane. Når det gjeld Facebook, blir dette brukt av 32 prosent av kommunane i landet. Av desse er det 55 prosent som berre brukar Facebook til å senda ut informasjon, medan 41 prosent har ein dialog og svarer på henvendingar frå innbyggjarane. Fem prosent av kommunane med Facebook-profil har liten eller ingen aktivitet på sida si.
I undersøkinga kjem det også fram at det i tre firedeler av kommunane er uklart kven som har det overordna ansvaret for digitale kanalar.