Eg er lei

Anders Linga
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er lei lokale helsetoppar som skuldar på regionale helsetoppar, regionale helsetoppar som skuldar på stortingsrepresentantar, stortingsrepresentantar som skuldar på regjeringsmedlemmar og regjeringsmedlemmar som igjen skuldar på lokale helsetoppar. Taparane uansett kven som har skulda er vanlege folk som i praksis får ingenting dei skulle ha sagt.

Det er mogleg eg er sterkt farga av å koma frå Sogn og Fjordane. Kanskje er ikkje dette ein like relevant diskusjon alle plassar, men der er i alle fall diskusjonen om korleis sjukehusa skal organiserast ein saga som aldri tek slutt. Ikkje misforstå, debatten om sjukehusstrukturen er kanskje ein av dei aller viktigaste strukturdebattane ein kan ha i eit samfunn. Likevel meiner eg at no får det vera nok debattar og omkampar, ein må plassera makta over sjukehusa der ho faktisk høyrer heime; hos deg og meg.

Eg har ikkje nok helsefagleg kompetanse til å uttala meg om kva løysingar som vil gje best helsetilbod for innbyggjarane. Det eg derimot veit noko om er at styringssystemet i helsesektoren er altfor uoversiktleg og byråkratisk. Difor er det vanskeleg å veta kven som i realiteten bestemmer. Tidlegare var det fylkespolitikarar som styrte over sjukehusa, men i 2001 bestemte Arbeiderpartiet, Høgre og FrP at det var betre om staten tok over ansvaret og oppretta regionale og lokale helseforetak. Bakgrunnen var mellom anna at ein ville få ei meir profesjonell styring av helseforetaka. Eg er svært skeptisk til om det har skjedd. Der det tidlegare var fylkespolitikarar oppnemnt via stemmeurnene som bestemte, er no ekspolitikarar som vert oppnemnte i meir eller mindre lukka fora som styrer. Vanlege folk har svært liten påverknadskraft på desse prosessane. Dette minner meg ikkje om ei profesjonalisering, berre ei avdemokratisering.

Å føra sjukehusa attende til folkevald styring vil ikkje løysa alle problem helse-Noreg har, såpass ærleg må eg vera. Men det vil i alle fall løysa det kanskje viktigaste problemet; mangelen på ei demokratisk og oversiktleg styring.