Betre resultat for norske elevar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Pisa 2009 viser norske 15-åringar framgang i matematikk, lesing og naturfag frå 2006 til 2009. Den negative utviklinga frå 2000 til 2006 ser dermed ut til å ha snudd. Dei norske elevane presterer no over snittet i lesing, medan ein er gjennomsnittlege når det gjeld realfaga.

I 2006 presterte dei norske elevane under OECDs gjennomsnitt i alle tre fagområda. Frå 2006 til 2009 har denne utviklinga snudd, og resultata er tilbake på det nivået dei var i 2000. Delen elevar som presterer svakt er redusert i tilhøve til undersøkinga i 2000, men delen som presterer på dei høgaste nivåa er òg redusert.

Finland på topp
– Pisa 2009 stadfestar det vi har sett i andre internasjonale studium, nemleg at den negative trenden er i ferd med å snu. Norsk skule har hatt eit kraftig trykk på grunnleggjande dugleikar og tidleg innsats mot dei svakaste elevane. Studien tyder på at satsinga gjev resultat. No er det viktig at det gode arbeidet i skulen fortset, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skarheim i ei pressemelding.

Medan Finland skårar langt over snittet for undersøkinga, ligg dei andre nordiske landa svært nær gjennomsnittet. Det er små skilnader mellom Noreg, Sverige og Danmark, men dei norske elevane viser størst framgang sidan 2006. Fleire av dei asiatiske landa, som Japan og Korea, skårar svært høgt i PISA.

LES OGSÅ: – Dystert om lærartettleik

– Både Norge, Sverige og Danmark fekk ein vekker då dei første Pisa-resultata kom i 2001. Norge har sidan gjennomført mange tiltak for å snu tendensen. Resultata i år viser at målretta innsats for å styrkja fellesskulen nyttar, seier Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

Ho understrekar at Pisa ikkje fortel heile sanninga om norsk skule, men at det Pisa fortel uansett er viktig.

OECD trekk fram følgjande kjenneteikn ved utdanningssystem som lukkast med gode resultat:
• like høve til skulegang og skuletilbud for alle elevar
• høg grad av sjølvstyre i skulen når det gjeld innhald og vurdering i faga
• satsing på høgt kvalifiserte lærarar

By-jentene vinn på skulen
I alle dei nordiske landa skårar jentene mykje betre enn gutane i lesing. Denne skilnaden i leseresultata ser òg ut til å auke i dei fleste landa.

I alle land har bakgrunnen til elevane heimefrå noko å seia for resultata, men for Noreg er effekten av bakgrunn noko lågare enn gjennomsnittet i OECD.

Uavhengig av utdanninga til foreldra presterer elevar i urbane strøk betre enn elevar i rurale strøk. I Noreg er skilnaden mellom by og land litt større enn for gjennomsnittet i OECD-landa.

Sjå resultata her!

Korleis meiner du norsk skule kan bli endå betre? Bli med i debatten!

Faktaboks

Pisa (Programme for International Student Assessment) er ein internasjonal samanliknande undersøking av skulesystema i ulike land i regi av OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development). PISA-undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år. Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling ved Universitetet i Oslo har ansvaret for gjennomføringa av den norske undersøkinga, med støtte frå Utdanningsdirektoratet.