Oppmodar til opprør mot bustadpolitikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bankfolk oppmodar unge til opprør

– Det er nesten uforståeleg at ikkje det politiske systemet er blitt pressa hardare av folkesetnaden til å sørgja for meir bustadbygging ved å tilretteleggje for fleire byggeklare tomter. Det me treng er eit ungdomsopprør, seier sjeføkonom Harald Magnus Andressen i First Securities til Dagens Næringsliv tysdag.

Fleire økonomiske ekspertar går i dag ut i avisa med åtvaringar mot dei høge bustadprisane i Noreg. Bustadekspertane meiner høg folkevekst kombinert med låg bustadbygging er årsaka til dei høge bustadprisane, og spår vidare prisvekst dei neste to åra.

Politikarane får skulda
– Det er det store mindretalet som er førstegangskjøparar som blir ramma, og ikkje det store fleirtalet som allereie har bustad. Det er ikkje nok av dei, og dei har ikkje gjennomslagskraft. Skal 24-åringen seia til ordføraren at han må sørgja for å skaffa fleire byggjeklare tomter slik at han får flytta heimefrå? spør sjeføkonom Kjell Senneset ved Prognosesenteret til Dagens Næringsliv.

Fleire av økonomane avisa har spurt trur på ein prisvekst på mellom sju og sju og ein halv prosent.

Kva meiner du bør gjerast for å gjera det lettare å koma inn på bustadmarknaden?