Må jobba lenger – men veit det ikkje

Tall frå NAV viser at dei unge som blir påverka mest, veit minst om endringane i pensjonssystemet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved nyttår kjem det endringar i blant anna korleis du kan ta ut pensjon og korleis pensjonen skal regulerast. Nye reglar for korleis alderspensjon blir tent opp tredde i kraft allereie i januar i år.

Låg kunnskap
I ei undersøking Opinion har gjennomført for NAV seier berre 9 prosent i alderen 30-40 år at dei har god kunnskap om korleis levealdersjustering påverkar storleiken på pensjonen deira.

I same undersøking oppgjev 27 prosent i denne gruppa at dei har god kunnskap om korleis dei tener opp alderspensjon.

KOMMENTAR: Uføremyta

– Dei nye reglane for alderspensjon frå folketrygda har aller mest å seia for dei som er unge. Utvikling i levealderen medfører at unge menneske må regne med å jobbe nokre år ekstra for å få same pensjon som dei som startar uttak av pensjon no, seier Hilde Olsen, direktør for ytingar i NAV i ei pressemelding.

Alle år tel
NAV gjennomfører no ein informasjonskampanje som rettar seg mot personar i yngre aldersgrupper. Kampanjen skal auke kunnskapen og medvitet om pensjon hos dei som har ein del år igjen i arbeidslivet, og som i størst grad kan påverke kva dei vil få i pensjon.

– Pensjon er noko alle bør ha kunnskap om, uansett alder. Spesielt viktig er det at yngre personar forstår at vala dei gjer i dag påverkar pensjonen dei vil få utbetalt seinare. Med dei nye oppteningsreglene tel alle år i arbeid for pensjonen, seier Olsen.

Faktaboks

* Alle år du er i arbeid fram til du er 75 år tel
* 18,1 prosent av den pensjonsgjevande inntekta di opp til 7,1 gonger grunnbeløpet til Folketrygda blir sett kvart år inn i ein pensjonsbeholdning
* Pensjonen blir justert etter forventa levealder i folkesetnaden. Dette inneber at dersom forventa levealder aukar må yngre årskull jobba litt lenger enn eldre årskull for å få same pensjon.