Krev å bli høyrt på klimatoppmøte

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev å bli høyrt på klima- toppmøte

Leiaren av Changemaker, Markus Nilsen, dreg til Cancun fredag 26. november. Han meiner at rike land som Noreg må sørgja for å få til ein klimaavtale.

– Det er på tide at rike land tek det første steget for å få ein bindande, ambisiøs og rettferdig klimaavtale, seier Markus Nilsen til LNU.no.

Han skal vere stemma til norske ungdommar i Cancun, og har plass i den offisielle norske delegasjonen.

Må leve med konsekvensane
– Det er viktig at stemma til ungdom blir tatt vare på skikkeleg. Det er me som lever i 2050 som skal leva med konsekvensane av kva som skjer i Cancun, seier Markus.

LES SISTE KLIMANYTT!

Saman med Redd Barna, SAIH, Unicef og Plan krev Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner at born og behova til unge og rolle blir tatt med i klimaavtalen.

Rammar fattige
Gjennom kampanjen Oljeavhengig krev Changemaker at Noreg blir mindre avhengig av olje. Han er oppteken av at det er dei fattige som blir ramma av klimaendringane.

– Klimaendringane er skapt av rike land, men rammar fattige hardast. Det som skjer i Cancun handlar difor om rettferd.

Som representant for norske barne- og ungdomsorganisasjonar, etterlyser han leiarskap i klimaforhandlingane frå norske styresmakter

– Noreg må slutte å skulde på dei som forsinkar forhandlingane og heller byrje å ta leiinga, krev ungdomsdelegaten.

Møtte Solheim
– Det er heilt rett at det er dei svakaste som blir ramma hardast. Verknader av ekstremvêr som syklonar, flom og orkan gjer at ein ikkje kjem ut av ein vanskeleg situasjon før det kjem ein ny katastrofe, og born er ein del av det biletet, sa miljø- og utviklingsminister Erik Solheim då han møtte organisasjonane i går.

Ifølgje Solheim er det vanskelegaste spurnaden no koplinga mellom utsleppskutt frå rike land og gjennomføring av tiltaka utviklingsland sjølv har påtatt seg.

– Målet med Cancun er at det tek oss eit skritt vidare mot ei forpliktande avtale. Tanken om å løyse klimaproblemet i éit big bang er gjeve opp. Vi må byggje stein på stein, etasje på etasje, og summen av enkeltavtalar vil bli ein internasjonal avtale, seier han til lnu.no.