Jens ville avdramatisere

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jens ville avdrama- tisere

Siste programpost på LO Stat sin årlege kartellkonferanse onsdag var innlegg frå Roar Flåthen og Jens Stoltenberg. Alle venta at dei ville prate om uføretrygda personar sin økonomiske framtid.

Stoltenberg nøydde seg med å slå fast at:

– Ytingane til uføre ikkje vil bli mindre.

– Det som skal bestemmast framover no er kva alderspensjon dei uføre skal ha, når dei når den alderen.

– At dette ikkje er bestemt enno, men at ein ikkje vil gå for nokon av ytterpunkta blant alternativa.

Stoltenberg nerma seg temaet med dette utsagnet:

– Dei borgarlege partia har begynt ei ny øving. Dei seier me gøymer bort arbeidsløyse blant uføre. Men då skulle sysselsetjinga vore låg. Det er han ikkje. Sysselsetjinga i Norge er høg.

– Men me har mange på trygd. Det er ikkje på grunn av få i jobb, men fordi det er få som lir forsørga av familien, i høve til andre land.

Stoltenberg fortalde deretter at noko av det finaste me har i Norge er at folk ikkje treng føle skam over å få uføretrygd.

– Kvifor diskuterer me så uføretrygd? Det er fordi me har gjennomført ein pensjonsreform. Eit nasjonalt forlik. Noko uenigheit var det, men den er vedteke – det blir ingen omkamp om denne. Men når alderspensjonen er endra, må også uførepensjonen endrast.

– Det er likevel slik at sjølv om me ikkje har konkudert, kan ein seie noko om saka: Det fyrste er at allesom er trygda skal behalde den ytelsen dei har i dag – etter skatt. Det er ikkje snakk om kutt i uføreordninga, nettoen er lik. Unge uføre skal også behalde ytinga på det nivået dei har i dag, også dei i framtida. Dei som har uføretrygd i dag, skal få aukingar i åra som kjem, det følger av at det skal regulerast i tråd med lønsutviklinga, fortalde Stoltenberg.

Deretter kom Stoltenberg til det kompliserte, som han sjølv kalla det:

– Korleis blir det når ein går frå uføre- til alderspensjon? Stolteberg nøydde seg med å slå fast at det ikkje skal bli verken betre eller dårlegare alderspensjon for dei som har hatt uførepensjon tidlegare.

– Det me diskuterer er kor mykje ein skal opp i høve til i dag, avslutta Stoltenberg med. Etter talen teikna folk seg til den aller siste debatten.

I pausa forsøkte Stoltenberg og Roar Flåthen å fortelje kor optimistiske begge er i høve til å få til ei god løysing for alderspensjonen til uføretrygda.